Sidan Sigrid Solbakk Raabe (29) si låt «Don’t Kill My Vibe» (2017) sette rakettfart på karrieren til sunnmøringen, har ho vore kjend for eksplosiv, fengjande og hudlaus pop, anten det er av typen elektro eller synt.
Då førre album «How to Let Go» kom i 2022, var det ein ganske rett fram type popalbum.
Låtar som «Mirror» sklei rett inn i mengda i Sigrids låtkatalog.
«How to Let Go»var eit steg vidare frå debutalbumet «Sucker Punch» (2019), med låtar for større scener, halde fram med Sigrids stemme og «hooks» som fekk ein på kroken.
«Fjellstøtt på eigne bein», skreiv NRKs meldar om plata.
Det er nesten så Sigrid hadde formelen for oppløftande pop rissa inn i hendene sine.
Når 29-åringen no gjev ut sitt tredje album, «There’s Always More That I Could Say», seier artisten sjølv at det ikkje handlar om perfeksjon, men blant anna å la låtane puste.
Ifølgje innsalet til plata er det eit break-up-album – ved uhell. Gjennom ti låtar blir kjærleik som raknar, skildra– ikkje kronologisk – men frå start til slutt. Samstundes skal plata vera «gøy».
Gleda er umogleg å unngå, men kva med pusten?
Frå svensk indie til canadisk pop
På «There’s Always More That I Could Say» får me blant anna den framifrå «Jellyfish».
I låta kviler scandipop lik den A-ha-prega Harry Styles-låta «As it Was», samstundes som låta flettar det inn i indierockens skarptrommer og ein fornøyeleg bass.
«Jellyfish» er ein svermerisk er ein svermerisk draum av ein indiepop-låt. (Sjå for deg Peter Bjørn and John sin «Young Folks» møter Saint Etiennes «Glad»)
Denne låten finst det ikkje liknande utfordrar til i Sigrids låtkatalog.
På plata er Askjell Solstrand tilbake i miksen («Sight of You», «The Hype»), som produsent på alle, og som multiinstrumentalist. Saman gir dei Sigrids palett fleire fargar.
Sigrid på Øyafestivalen 2023.
Foto: Kim Erlandsen / NRKAndresingelen «Fort Knox» utfordrar også Sigrids pop-formel. I den meir uventa oppbygginga si er låta noko av det mest humørsjuke og spenningsfylte ho har gitt ut.
Stemma som alltid høyrest ut som ho har meir å gi, roper seg nærast tom. Strykarane av David Rossi (som har jobba med Depeche Mode og Röyksopp, og arrangerte strykarane på Coldplays «Viva La Vida») tilfører låten endå eit lag av drama.
«Hush Baby, Hurry Slowly» er som å høyra Sigrid ta steget inn i Chvrches si verd av synt-pop, med Carly Rae Jepsen hengande rundt anklane. Når bridgen kjem, er det trygt å seia at dersom ho ikkje græt, renn i alle fall sveitten.
Mykje prat
Sigrid opnar eit album slik ho opnar ein konsert, med full tenning.
«I’ll Always Be Your Girl» har ein indie-innverknad som ikkje er til å unngå.
Riffa i låten minner om Franz Ferdinands sjølvtitulerte album og får ein lykkeleg driv blant litt scatting.
Sidan sist album høyrest Sigrids attkjennande vokal ut som han har teke ein runde med eit grovt rivjern. På «I’ll Always Be Your Girl» er raspen i stemma der og utmerkjer seg i snakkesynginga, eit grep som også brukast på sjølvransakande «Kiss The Sky».
Det er meir patos på desse enn i til dømes snakkesynginga på outroen til «Don’t Feel Like Crying» (2019) eller «Strangers» (2017).
Men etter å ha høyrt korleis «I’ll Always Be Your Girl» vart framført på den skotske festivalen TRNSMT, lèt den støytvise snakkesynginga lufta fisla ut av ballongen, heller enn å halda han igjen eller å la det smella ordentleg.
Då Olivia Rodrigo drog fram snakkesynginga på låten «Bad Idea Right?», lèt amerikanaren praten eskalera.
Det kjennest tullete og dramatisk, men truverdig og attkjennande. På Sigrids album føles grepet meir som eit skralt påhitt for å formidla noko bekymringslaust.
Vesle outro aldri mett
Skralt blir det også når fleire av låtane skal takka for seg. Det blir sakka ned, dei får seg eit filter her og blir auka farten på der. Ein får uheldige tankar om forhasta DJ-sett.
Kva skjedde med pusten? Albumtittelen heilgarderer seg på eit vis mot akkurat ein slik tanke, men fleire av låtane trekker ein pust dei har det travelt med å sleppe.
Utblåsinga blir heller delegert vekk til spor som pianoballaden «There’s Always More That I Could Say».
Der låten kjem etter dramaet på «Fort Knox», står han omtrent naken. Klangfull og audmjuk, uventa i eit album som leiker mykje med sjangrar, men ikkje uventa for Sigrid som artist.
«Jellyfish», «I’ll Always Be Your Girl» og «Two Years» har til dømes alle med seg fløytist Elise Yuka. Ho gir låtane noko nytt å lytta etter. Men inngangen til fløytisten og avslutning på «I’ll Always Be Your Girl» gjer ein berre nysgjerrig og ikkje investert.
Og med all lysta i «Two Years» blir avsluttinga heilt blasert.
Dei sterkaste utpusta
«Have You Heard This Song Before» stiller nok eit retorisk spørsmål, men det er ikkje til å unngå å høyra The Cure i instrumentalen.
Trass i ein tekst à la boyband frå 2010-talet, står låta på eit vis igjen som platas mest ambisiøse og stødigaste, i spennet ho gir sjølv med eit minutt meir å rutta med.
På «Fort Knox» tar dramatikken seg opp etter låten eigentleg har lagt seg, men det snakkar til aggresjonen til låten.
«Eternal Sunshine» står igjen som ein ny og fyldig måte for Sigrid å fortelja historier på, med nemneverdig heimsøkjande koring frå Askjell.
Dette er spor som lèt seg sjølve vera og veksa i ein og same låt. Kort sagt: Dei fleskar til.
«There’s Always More That I Could Say» introduserer mange låtar som gjer opprør mot sine meir føreseielege forgjengarar. Sigrid lèt låtane vera meir enn styrkande eller sarte. Men sjølv om dei er sinte, glade og fengande, trampar fleire av dei så vidt gjennom dører dei kan smelle.
«There’s Always More That I Could Say» følast mindre som eit album og meir som et grunnlag for noko meir i popmusikken hennar.
Publisert 23.10.2025, kl. 09.52