– Eit varsku om kvar vår største allierte er på veg

6 hours ago 4



Halvor Elvik skriv kunnskapsrikt og veldokumentert om USAs veg mot «Trumpstaten». Men eg saknar blikket nedanfrå.

Tidlegare Dagbladet-journalist Halvor Elvik frå Stavanger er aktuell med bok. Foto: Privat

Publisert: Publisert:

For mindre enn 40 minutter siden

 4 out of 6

Halvor Elvik: Amerikansk kollaps, Fra supermakt til Trumpstat, Svein Sandnes bokforlag, 560 sider

Utviklinga i USA etter Donald Trumps andre valsiger har sjokkert verda. Nærmast dagleg har presidenten kome med utspel som før var utenkelege. Skamlaust serverer Trump loddrette løgner og konstruerer si eiga sanning. Mange spør seg om det amerikanske demokratiet og rettsstaten vil overleva fire år med den maktglade egodyrkaren i Det kvite huset.

Stavanger-mannen Halvor Elvik, mangeårig USA-korrespondent for Dagbladet, deler i høgaste grad denne uroa. Frå sitt pensjonisttilvære i Gudbrandsdalen har han levert ei bok som både er ei historisk oppsummering av USAs politiske historie dei siste tiåra, og eit varsku om kvar vår største allierte er på veg.

«Amerikansk kollaps» er på mange måtar eit imponerande arbeid. Boka er grundig og veldokumentert. Eit omfattande noteapparat og personregister gjer det lett å bruka boka som oppslagsverk eller som utgangspunkt for vidare kunnskapssøking. Normalt ville eg kritisert at det er for mange og lange sitat, men i tilfellet Trump er det faktisk eit poeng å lesa kva han seier for å forstå mannen. «Dominans er målet, og frykt er middelet» – slik oppsummerer forfattaren Trumps politiske metode.

Mangelfulle forklaringar

Elvik legg for dagen store kunnskapar om amerikansk historie og det amerikanske politiske systemet. Og han har ikkje gløymt skrivekunsten.

Så langt, så bra. Elvik er god til å fortelja kva som har skjedd, men eg er ikkje like imponert over forklaringane på kvifor det har gått slik.

Dei historiske tilbakeblikka på tidlegare presidentperiodar verkar nokså tilfeldig utvalde. Dersom målet er å forklara framveksten av fenomenet Trump, er det for eksempel vanskeleg å sjå at omfattande skildringar av nedrustingsforhandlingane mellom USA og Sovjetunionen på 1980-talet har så stor relevans.

Men Elvik flaggar likevel eit klart synspunkt: Det er framfor alt den kvite rasismen som har løfta fram Trump og hans Maga-rørsle. At den rasistiske arven frå slaveriet og borgarkrigen framleis er høgst levande i det amerikanske samfunnet, er det ingen tvil om. Men likevel kunne amerikanarane i 2008 og 2012 velja ein svart president, og det med større fleirtal enn Trump nokon gong har fått. Det blir også eit mysterium at Trump i 2024 faktisk auka oppslutninga blant minoritetane, særleg latinos.

Eg er derfor skeptisk til å gjera rasismen til ein så dominerande forklaringsfaktor, og synest Elvik fer med harelabb over andre konfliktdimensjonar: dei aukande økonomiske forskjellane, industridøden, motsetningane mellom by og land, og kulturkrigen i spennet mellom woke-aktivisme og kristenkonservativ reaksjon.

Kva med demokratane?

I det heile saknar eg blikket nedanfrå. Boka er i stor grad sentrert om dei politiske aktørane på toppen, og hadde tent på at kvardagen og haldningane til den jamne amerikanar hadde kome tydelegare fram. Då hadde det kanskje vore lettare å forklara korleis halvparten av amerikanarane kunne få seg til å stemma på ei narsissistisk bølle som Trump.

Det kunne også ha tvinga fram det som er mangelvare hos Elvik, nemleg eit kritisk blikk på utviklinga i det demokratiske partiet. Korleis kunne demokratane missa så fullstendig grepet om landsbygda og den kvite arbeidarklassen? For sjølv med all hatretorikk og alle skitne republikanske triks som Elvik med rette løftar fram, kan overskrifta på vala i 2016 og 2024 vera at demokratane tapte, meir enn at Trump vann.

Publisert:

Publisert: 3. juli 2025 11:07

Read Entire Article