Politiet melder om at ein bil har gått rundt utanfor vegen ved fylkesveg 64 på Atlanterhavsvegen, og treft ein trafo-stasjon.
Det lek olje frå trafo-stasjonen, og det blir difor sett opp tryggleikssone på 50 meter rundt.
– Vi set opp ei tryggleikssone på grunn av eksplosjonsfare, seier operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes i politiet.
Operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes.
Foto: Casper Kanestrøm / PolitietKlokka 23.09 oppdaterer politiet med at straumen skal vere kopla frå Trafo-stasjonen.
Politiet veit førebels ikkje kor omfattande lekkasjen er, men seier det per no ikkje er aktuelt å evakuere folk som bur i området.
Trafikken blir dirigert forbi ulykkesstaden.
Den spektakulære Atlanterhavsvegen er del av Dei nasjonale turvegane, og er mykje besøkt.
Foto: Geir Torvik / Geir TorvikBilen ligg i fjøresteinane
Bilen ligg ifølgje politiet 100 meter frå vegbana, i fjøresteinane.
Operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes seier dette kan gje ein indikasjon på farta som bilen har hatt på den populære turistvegen.
Det er 80 km/t på staden, og tidlegare i sommar blei sjokkerte turistar vitne til ein bil som kom flygande gjennom lufta.
Også den hamna rundt 100 meter frå den spektakulære, svingete vegen.
Også tidlegare har det vore fleire alvorlege ulykker på vegen.
Ifølgje Vegvesenet er det 0,1 grad på staden.
Sendt til sjukehus
Alle fire som var i bilen er ute, og ifølgje politiet framstår dei ikkje alvorleg skadde.
Dei er sende til sjukehus og blir avhøyrde så fort det let seg gjere, opplyser politiet.
Kraftselskapet NEAS og bilbergar er på veg.
Atlanterhavsvegen ligg ytst på kysten.
Publisert 13.02.2026, kl. 22.48 Oppdatert 13.02.2026, kl. 23.37








English (US)