Etter at Arbeidarpartiet la fram sitt forslag til statsbudsjett, har det vore hektiske dagar hos norske bilforhandlarar.
– Bilsalet har vore heilt fantastisk etter det. Mange ønskjer å kjøpe før nyttår for å unngå moms, seier Ulf Tore Hekneby, administrerande direktør i Harald A. Møller.
Forslaget frå regjeringa inneber at kjøparar må betale moms på det bilane kostar over 300 000 kroner frå 1. januar 2026.
Store prisendringar i vente
Hekneby meiner regjeringa går for raskt fram.
– Vi rekk å levere til mange, men ikkje alle. Dette kjem for brått for vanlege folk, seier han.
Ifølge Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV) vil ei elbil til 500.000 kroner bli rundt 50.000 kroner dyrare neste år.
Alexander Øverdal, bilseljar i Bernt O. Steen.
Foto: Snorre Tønset / NRKFrå 2027 kan det bli 125.000 kroner dyrare.
OFV meiner dette vil ramme vanlege bilkjøparar hardast.
Det merkar også forhandlarane.
Hos Kia-forhandlaren i Lørenskog er trykket stort, ifølge seljar Alexander Øverdal.
– Sånn som det har vore dei siste dagane, så har det vore fullstendig texas. Folk vil sikre seg bil før nyttår og spare 50.000 kroner, seier seljar Alexander Øverdal.
Kommunikasjonssjef i Kia Bil Norge, Christian Lagaard, bekreftar salsboomen. Hos Kia skal salet ha auka to og ein halv gong dei siste vekene.
– Det handlar ikkje berre om bilglede, men om økonomi, seier han.
Kundar vil handle før nyttår
Ekteparet Rolf og Marianne Josefsen er blant dei som vurderer å kjøpe bil no.
– Vi går og tittar litt, for vi skal bytte den vi har. Det er klart at når elbilar kan bli dyrare frå nyttår, så er det like greitt å gjere det no, seier dei.
– Blir det 50.000 kroner dyrare, er det lønnsamt å handle før nyttår, seier Rolf Josefsen.
Ekteparet er samde om at det kan vere økonomisk smart å handle no, men meiner momsauken burde vore meir moderat.
Ekteparet Rolf og Marianne Josefsen er blant dei som vurderer å kjøpe elbil no.
Foto: Snorre Tønset / NRK– Noko moms må det vere, men ikkje fullt så mykje. Elles går salet ned, og då er vi jo like langt, legg Marianne Josefsen til.
Samstundes har regjeringa forsvart innføringa.
Dei har grunngitt momsauken med at elbilsubsidiane i dag i stor grad går til dei med høgast inntekt, og at målet om høg elbilandel i nybilsalet er nådd.
NRK har vore i kontakt med Finansdepartementet om kritikken. Dei seier at dei ikkje har høve til å svare i dag, men viser til tidlegare uttalar om endringane.
– Når 95 prosent av nye bilar er elektriske, er det på tide å fase ut fordelane. Det er verken bra for miljøet eller statsfinansane å støtte kjøp av dyre bilar, sa finansminister Jens Stoltenberg (Ap) då statsbudsjettet blei lagt fram.
Bransjen åtvarar mot brå omlegging
Også hos andre forhandlarar er reaksjonane sterke.
– For Mercedes-Benz og smart har vi sett ein merkbar auke i salet etter at forslaget til statsbudsjett blei lagt fram, seier kommunikasjonsrådgivar Ranveig Sønju i Bertel O. Steen.
Ho meiner endringane kjem for brått.
– Ein bil til 500.000 kroner får ein ekstra moms på 125.000 berre på litt over eitt år. Dette er for mykje på for kort tid, seier ho.
Stein Pettersen i bilkonsernet Stellantis, som står bak merke som Peugeot, Opel, Fiat og Citroën, deler bekymringa.
– Det er ingen tvil om at dette kjem svært brått på mange kundar, og at det er auka trykk ute hos forhandlarane. Så store endringar med så kort tidsfrist er utruleg krevjande for kundar og oss, seier Pettersen.
Han meiner forslaget kan slå tilbake på elbilpolitikken.
– Ein så rask innfasing av moms vil påverke bruktbilmarknaden, med risiko for at overgangen til elbil tek betydeleg lengre tid fordi det kjem færre nye bilar inn i marknaden, seier han.
NAF: – Kan bety ei heftig ekstrarekning
Noregs Automobil-Forbund (NAF) meiner momsauken kjem for raskt og utan god nok varsling.
– Denne endringa kjem for tidleg og for brått. For dei som har bestilt bil, men får han levert over nyttår, kan det bety ei heftig ekstrarekning, seier Ingunn Handagard, pressesjef i NAF.
Ho åtvarar også om at det kan få ringverknader for bruktbilmarknaden.
NAF meiner ei gradvis innføring ville gitt både kundar og forhandlarar betre føreseielegheit.
Publisert 23.10.2025, kl. 21.58 Oppdatert 23.10.2025, kl. 22.23





















English (US) ·