Kompisgjengen ventar tolmodig på sommarferie.
Dei vart ikkje trekt opp til eksamen i vår, så skuledagane opp mot sommarferien går til litt andre ting enn skulearbeid.
– Det har gått mykje i kortspelet Gurka i det siste. Elles er det litt små oppgåver, men det er mykje venting eigentleg.
Det seier Nikolai Ekornås Skarmyr (16). Han er elevrådsrepresentant på Spjelkavik vidaregåande skule, og går førsteåret på idrettslinja.
Nikolai Ekornås Skarmyr (16) synest det er sosialt å vente på sommarferien med medelevane sine.
Foto: Remi Sagen / NRKMen for skuleeleven er det ikkje eit stort problem å møte opp utan å ha mykje å gjere.
– Eg var så heldig at eg ikkje vart trekt opp til eksamen. Så eg er jo her for å gjere det litt greitt for dei andre, så det ikkje blir urettferdig.
Får tida til å gå
Jagoda Nessel (18) går sisteåret, og har berre dagar att av skuleløpet.
Ho har heller ikkje vore så mykje på skulen i det siste.
Jagoda Nessel (18) skulle gjerne brukt denne tida på meir fornuftige ting.
Foto: Remi Sagen / NRK– Nokre av lærarane let oss droppe timane, medan andre ber oss om å møte opp.
Og når dei først møter opp, er det variert kva dei gjer den tida dei er på skulen.
– Dei registrerer fråvær på oss, og så ser vi ein film eller held på med brettspel eller kortspel.
Jagoda synest det er slitsamt å møte opp på skulen når ho ikkje skal gjere noko spesielt.
Ho seier at tida heller kunne gått til å vere på jobb, med vener eller noko anna fornuftig.
Venninnegjengen var innom skulebiblioteket for å levere inn bøkene sine, men det fekk dei ikkje lov til heilt endå. F.v. Natalie Gårdsvoll (19), Olivia Matvik (19) og Jagoda Nessel (18).
Foto: Remi Sagen / NRK– Slik har det vore i førti år
Rune Heggdal er rektor ved Spjelkavik vidaregåande skule. Han forklarer kvifor det er slik.
– Mange av lærarane har elevane sine opp i sensur, eller er sensor sjølv. Dei kan berre vere på ein plass av gongen.
Han seier at elevane har forplikta seg til eit løp, og derfor må møte opp, akkurat som på arbeidsplassen.
Rektor Rune Heggdal meiner denne tida kan brukast fornuftig.
Foto: Remi Sagen / NRKHan råder dei som er elevar på første- og andreåret til å bruke denne tida godt, det kan dei få igjen for neste år.
Han seier også at oppmøtet er ein formalitet, og at skulen er nøydd til å gjere det.
– Det er vanskeleg å motivere elevane på denne tida av året. Slik har det vore i førti år, og så lengje eksamen kjem til denne tida, vil det nok fortsette slik.
– Skule-Noreg har slite med dette i mange år
Erik Brekken er kompetanse- og næringsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Han seier at det er viktig at elevane får dei 190 skuledagane dei har krav på i året.
Erik Brekken meiner skulane må følgje lovverket.
Foto: Roar Strøm– Det er jo skulen som regulerer skuledagane og fridagane i løpet av året. Men det er viktig at dei får det dei har krav på.
Han seier at dette har vore eit problem for skular i landet i mange år, og at løysinga ikkje er enkelt å kome fram til.
Han påpeiker også at det er forskjell på kva linje elevane går.
– Dette er typisk for skular med studiespesialisering. Ein rein yrkesfagleg skule kan ha praktisk eksamen i denne perioden, då vil tida bli brukt annleis.
Publisert 18.06.2025, kl. 12.33