Eliseussen etterlyser meir oppløftande innhald på NRK. Eg forstår godt dei som heiar på han.

8 hours ago 2



Jan Egil Ådland (til venstre), TV-sjef i NRK, svarer Arvid Eliseussen. Foto: Ole Kaland/NRK/Privat

Arvid Eliseussen etterlyser meir oppløftande innhald på NRK. Han har eit viktig poeng.

Publisert: 13.05.2025 15:45

Den aktive og engasjerte senjaværingen Arvid Eliseussen stiller i lesarinnlegget sitt eit viktig spørsmål: Kva tilbod får eldre som kan muntre dei opp i ein kvardag prega av einsemd og tunge nyheiter?

Arvid etterlyser meir oppløftande innhald på NRK — gjerne reprisar av humoristiske og nostalgiske program frå arkivet. Han peikar på at mange eldre ikkje brukar appen NRK TV, der ein finn godt innhald frå arkivet, men held seg til lineær-TV.

Det er ei viktig tilbakemelding som me har godt av å bli minna på.

Då eg ringde Arvid i helga, fortalde han om eit stort engasjement for saka han har teke opp. Ei eldre kvinne var på gråten då ho takka han for innlegget. Eg forstår godt dei som heiar på Arvid.

Det er ingen løyndom at kampen om tida til framtidas TV-sjåarar vil gå føre seg i appen vår, NRK TV. Samstundes er me fullt klar over at lineærtilbodet frå NRK framleis er ei svært viktig kjelde til selskap, glede og fellesskap for menneske over heile landet, og at spesielt mange eldre ikkje nyttar strøymetenester eller andre digitale plattformer.

Vårt mål er å ha eit godt tilbod til alle som bur i Noreg.

På den største lineærkanalen vår, NRK1, har me eit omfattande nyheitstilbod på dagtid, som består av både direktesendingar og nyheiter som rullerer. Det er ein del av NRK sitt samfunnsoppdrag å formidle det som skjer i inn- og utland. Med mykje krig og konflikt i verda kjem me ikkje unna at nyheitene ber preg av dette.

Så det er klart at Arvid har eit poeng.

Vårt mål er å ha eit godt tilbod til alle som bur i Noreg

I desse dagar gjer me ein større gjennomgang av kanaltilbodet vårt og vurderer om det er behov for justeringar. Me har fleire lineære kanalar å spele på og vil sjå på om me kan ha faste sendetider med meir oppmuntrande innhald på NRK 2.

Når det gjeld ønsket om humor frå arkivet, møter me dessverre ofte utfordringar rundt opphavsrett. Me har rett og slett ikkje tilgang til å sende dei fleste gamle, klassiske humorprogramma våre på nytt lineært. Alt dette ligg tilgjengeleg i appen NRK TV, og me vil sjå nærare på kva som let seg gjere med det lineære tilbodet.

Me har invitert Arvid på kaffibesøk hos NRK neste veke for å snakke meir om tilbodet vårt for eldre sjåarar. Me gler oss til den kaffikoppen!

Read Entire Article