Elkem sel delar av selskapet til Bluestar

2 hours ago 2



Elkem har inngått ein avtale om å selje majoriteten av avdelinga som produserer silikon til kinesiske Bluestar, kjem det fram i ei børsmelding.

– Denne transaksjonen er eit resultat av ein grundig og strategisk gjennomgang frå tidleg i 2025, og speglar av styret sin klare ambisjon om å skape eit sterkast mogleg fundament for langsiktig verdiutvikling, seier nestleiar i Elkem sitt styre, Dag J. Opedal.

Bluestar er frå før ein stor eigar av Elkem. Verksemda er ein stor produsent av silikon, silisium og karbonbasert materiale. Etter salet blir Elkem ein reindyrka metall- og materialprodusent.

– Dette er eit viktig, nytt kapittel for Elkem og eit bidrag til å sikre arbeidsplassar og langsiktig nærvær i ei rekke industrisamfunn langs norskekysten, frå Kristiansand til Tana, skriv konsernsjef Helge Aasen i ei pressemelding til NRK.

Read Entire Article