KOMMENTAR: Eit fleirtal i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget går inn for å skilja mellom investeringar og drift i Sjukehus-Norge. Det er, akkurat nå, eit useriøst forslag.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 40 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Eg har jo skrive spalte opp og ned om for lite pengar på sjukehuset, om at dei ikkje skal driva å byggja sjukehusa sine sjølv. Dei skal driva nødvendig helsehjelp, dei skal trøysta og lindra og gipsa og operera og hjelpa. Portørar, legar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar skal ikkje måtta springa fortare og fortare i gangane for å skaffa pengar til ny betong. Likevel synest eg det er useriøst, det forslaget som fleirtalet i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget kjem med nå.
Modellen
Eg synest jo heller ikkje den er bra nok, den modellen vi har. Den som seier at sjukehusa sjølv skal stå for både drift og investeringar, til og med så store investeringar som nye sjukehusbygg.
Sjukehusa – alle dei offentlege sjukehusa – får pengar over statsbudsjettet kvart år, etter ein gitt modell som har halde det gåande i over 20 år. For SUS – vårt sjukehus – betyr det at dei nå får rundt 11 milliardar kvart år. Treng dei meir, kan dei søkja staten om lån. Det lånet skal tilbakebetalast med renter, til staten.
Eigenkapitalen til det lånet kan dei stort sett skaffa seg på to måtar. Dei kan selja bygg eller tomter, viss dei eig det, og dei kan spara pengar frå drifta. Drifta er oss, det er pasientbehandlinga. Klarer dei gjera jobben på mindre tid og pengar enn det dei har fått over statsbudsjettet, kan sparekontoen veksa.
Nå?
Då SUS i 2017 gjekk inn for å byggja nytt sjukehus, låg det i korta at ein skulle byggja det del for del, og at ein frå første dag i innflytta ny del, måtte effektivisera drifta med 252 millionar kroner i året.
Dei ligg skikkeleg bakpå, dei har lånt meir enn dei har råd til. Dei skal betala 484 millionar i renter på lånet i år, og 215 millionar i avdrag. Så i tillegg til dei 252 millionane dei alltid har visst dei må knipa inn, må dei knipa inn rundt 150 millionar til. I drifta. Og det må begynna nå.
Nå, det er samtidig med at ein såvidt har flytta inn i det nye bygget. Der dei nå riv vegger på intensiven, for å sleppa å bruka ti ekstra årsverk på enkeltrom, som ikkje hadde fri sikt frå det eine rommet til det andre.
Nå, det er samtidig med at det kjem varsel frå akuttmottaket, fordi det blir kritisk fullt der for fort og for ofte. Pasientane hopar seg opp i mottaket, det går altfor lang tid før dei blir undersøkte, før dei blir behandla, før dei blir sende vidare, anten lenger inn i sjukehuset, eller heim. Røyrposten, som skal senda blodprøvar, verkar ikkje, dermed spring sjukepleiarane i staden. Sengeheisane verkar heller ikkje, dermed må det springast etter senger.
Og nå, det er samtidig med at dei som driv med operasjonar også slit med å koma seg opp frå kneståande. Akutte operasjonar blir utførte, mens ventelistene på planlagde operasjonar blir lengre og lengre. Skal dei klara dei økonomiske krava for i år, må dei ikkje berre opp i vanleg tempo, dei må auka det, og dei må gjera det utan å auka bemanninga.
Behandlinga
Akkurat nå må det vera veldig mange slitne folk på SUS. Samtidig som vi har fått eit flott, nytt sjukehus, samtidig som det er avdelingar som har fått langt betre arbeidsforhold. Samtidig som eit slikt bygg treng minst eit halvt år på innkøyring.
Og samtidig med dette, må også dei ulike klinikkane gå gjennom kva behandlingar dei skal slutta med.
I det siste der ligg det store diskusjonar også vi utanfor sjukehuset må ta innover oss. Når skal ein la vera å behandla skrøpelege eldre, for eksempel? Når er det betre helsehjelp å ikkje utsetja dei for påkjenningane det gir?
Den er vanskeleg, den diskusjonen. Den har ingen klar fasit. Men den er viktig.
Behandling mot betong
I den modellen vi har, blir det i staden behandlingar mot ny betong. Betongen overskyggar alt anna, også spørsmålet om leiinga på SUS eigentleg styrer godt nok.
Det må vera djupt demotiverande for mange av helsearbeidarane våre å heile tida få høyra at dei må jobba meir effektivt for å skaffa pengar til nytt sjukehus.
Og vi? Vi treng fagfolka våre. Vi treng det trygge mennesket og det erfarne blikket på oss, den dagen vi blir pasientar. Og vi treng eit helsevesen som har nok overskot til å leggja om, når det er nødvendig. For å gjera dei riktige vala, arbeida på ein betre måte der det trengst. Og kjenna seg trygge på at nokre gonger er det å gi mindre behandling det beste for pasienten.
Det må vera plass til det. Difor trur eg det er riktig å skilja ut sjukehusbygging frå det sjukehusa sjølv skal gjera. Eg håpar Stortinget kjem fram til det. Men eg håpar også ein jobbar seg skikkeleg gjennom alle følger det får, baksidene av det, det som ikkje er så lett å sjå i første omgang.
Vent! Stem det ned!
Det sit eit utval og jobbar med alt dette nå. Dei skal levera ein rapport 1. november i år, etter planen. Den er det verdt å venta på.
Det er difor Ap og Høgre ikkje vil vera med på forslaget som har fått fleirtal i komiteen, og som skal opp i Stortinget neste veke. Det skal dei faktisk ha honnør for. Eg håpar også MDG fell ned på nei-sida. For dette bør ikkje handla om å vera først med å visa handlekraft, seia at nok er nok, vera partia som skjer gjennom, kuttar resten av svingane og tar beine vegen.
Det er for viktig til det.
Publisert:
Publisert: 4. februar 2026 18:05

2 days ago
2




English (US)