Epstein-dokumenta: Jagland planla familietur til Epstein-øy

2 hours ago 2



Blant Epstein-dokumenta som blei frigjeve fredag, er ei e-postutveksling mellom tidlegare statsminister Thorbjørn Jagland og ein representant for den no avdøde finansmannen Jeffrey Epstein i 2014.

E-post på engelsk mellom Thorbjørn Jagland og en anonym assistent til Jeffrey Epstein om en mulig tur for familien til Jagland til Epsteins øy.

Faksimile: Epstein-dokumentene

Her kjem det fram at Jagland og familien har planar om ein tur til den private øya til Epstein utanfor Dei amerikanske Jomfruøyane i Det karibiske hav.

Det var Aftenposten som omtalte saka først.

Mange av overgrepa Epstein seinare blei tiltalt for skal ha skjedd på øya.

Kommunikasjonen mellom Jagland og Epsteins representantar skjedde seks år etter at Epstein blei dømd for forsøk på å kjøpe seksuelle tenester frå mindreårige.

Reisa blei avlyst

E-postane viser blant anna planlegginga av reisa, korleis dei skal reise, og kven som skal møte dei når dei kjem fram.

Men i ein e-post datert 11. april, skriv ein av Epsteins medarbeidarar at ho har avbestilt reisa til Jagland og familien.

I eit svar skriv Jagland, som på det tidspunktet var generalsekretær i Europarådet, at han ikkje kan reise på grunn av Russlands annektering av Krym, skriv Dagbladet.

Det vises et fugleperspektiv av en liten øy med en moderne bygning omgitt av palmer. Havet skvulper mot klippene, og strender strekker seg i utkanten. En vei kan sees som leder til bygningen, og det er også flere båter i nærheten. Omgivelsene fremstår som naturskjønn og lite bebygd. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Epstein-øya ligg i Det karibiske hav.

Foto: Marco Bello / Reuters / NTB

NRK har prøvd fredag kveld prøvd å få ein kommentar frå Jagland, men har så langt ikkje lukkast.

Men i ei tekstmelding til TV 2 avviser Jagland at han har vore på øya.

Meiner du at de ikkje var på den turen?

– Nei, aldri vore der, skriv han til kanalen.

Sentral i norsk politikk

Thorbjørn Jagland er ein sentral person i moderne norsk politikk. Han var Ap-leiar mellom 1992 og 2002, og var statsminister frå 1996 til 1997.

Han var også utanriksminister i den første Stoltenberg-regjeringa frå 2000 til 2001. Mellom 2005 og 2009 var han Stortingspresident.

Etter at han gjekk ut av Stortinget var han generalsekretær i Europarådet i to periodar, og leia Nobelkomiteen frå 2009 til 2015.

Publisert 30.01.2026, kl. 21.19 Oppdatert 30.01.2026, kl. 21.42

Read Entire Article