Er det mogleg å ha fleire tankar i hovudet samtidig?

4 hours ago 2



Villreindebatten handlar oftast om hytter og ferdsel – no også skirenn. Reinsdyra treng plass, og vi har ansvar for å ta vare på arten. Men vi må finne løysingar sett i eit heilskapsperspektiv.

Vi må ta vare på villreinen. Samtidig må vi erkjenne at fjellbygdene ikkje kan vere kulissar for andre sitt friluftsliv, utan lokal verdiskaping, skriv Unn Hovden. Foto: Paul Kleiven / NTB

Stat og fylkeskommune legg premissane. Nasjonale organisasjonar inviterast til å vere med i planarbeid. I tiltaksplanane for villrein er det ikkje krav om konsekvensvurderingar, og den lokale medverknaden er så godt som fråverande. DNT, Norsk Friluftsliv, Naturvernforbundet og NJFF representerer hundretusenvis av medlemer og har stor påverknad, men bidreg minimalt til lokal verdiskaping. I sum ein svært skeiv maktbalanse ift. 1000 fastbuande.

Så kva er konsekvensane for lokalsamfunna? Og korleis blir vårt perspektiv ivaretatt? Er det mogleg å ha fleire tankar i hovudet samtidig?

Også lokalt manglar det ofte større perspektiv. Det pregar ein del kommunalpolitiske vedtak. Og medieoppslag. Det er nok av grunnar til å stramme inn på utbygging, men eg saknar debatt om alternativa. For små kommunar heng alt saman. Reiseliv og hytteutbygging er ikkje éi næring – det er fundamentet for nesten all sysselsetting. Også offentlege arbeidsplassar, inkludert skular, barnehagar, kulturtilbod og kommuneadministrasjon. Nye næringar kjem ikkje av seg sjølv i ein av landets minste fjellkommunar. Vi har få naturgjevne føresetnader og kan ikkje leve av luftslott og gode intensjonar.

– De hadde ingen mulighet til å komme seg vekk

Er skirenn viktigare enn villrein?

Åpen

Ein annan ting er at aktivitetar som jakt blir møtt med skepsis. Mange forstår ikkje at det i tillegg til forvaltning handlar om lokalkunnskap og ei djup forankring i natur og kultur. Kva mister vi om denne kunnskapen blir borte? Det same gjeld anna bruk av utmark.

Dei største naturinngrepa kjem i bakgrunnen. Kraftutbygging har fragmentert leveområda til villreinen – med statens velsigning. Kva skal Bykle med kraftinntekter viss det ikkje bur folk her? Hytteutbygging har blitt eit symbol i debatten. Det er forståeleg – men også eit tema som skaper sterke følelsar i «hyttenasjonen Noreg». Og det har media fått med seg. Større inngrep nær byar og tettstader får mindre merksemd. Det er lettare å meine noko om saker som ikkje får personlege konsekvensar.

Dette er ikkje eit argument for å halde fram som før, men for å sjå heilskapen og handle klokt – utan å forhaste seg. Vi må ta vare på villreinen. Samtidig må vi erkjenne at fjellbygdene ikkje kan vere kulissar for andre sitt friluftsliv, utan lokal verdiskaping. Dette er levande samfunn som treng folk, arbeidsplassar og utvikling.

Read Entire Article