Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Det finst forskjellige måtar å stikka ifrå rekningar og plikter på. Ein kan lura seg unna hotellrekninga, snikja seg forbi kassaapparatet på kjøpesenteret med varene eller utebli frå fellesdugnad. Eller ein kan ta med seg milliardane ein har tent seg opp og flytta til Sveits for å unngå skatt.
Kva er skilnaden? Det er det, viser det seg, ulike meiningar om. Ein skilnad er iallfall at i dei to første tilfella så er det så godt som umulig å snikja seg unna. Ein annan skilnad er at i dei tre første tilfella blir unnasluntraren sett på med forakt. Men i det siste tilfellet ser mange på skattetriksarane som offer, folk det er stor synd på og som er blitt urettferdig behandla. Frp og Høgre ser visst slik på det.
Menneske som forlet landet sitt i gummibåtar for å berga livet, er offer. Desse snakkar forresten ikkje Listhaug og Solberg så mykje om. Men dei som reiser frå landet sitt i luksusfly for å sleppa å bidra på dugnaden? Er det synd på dei? Ja, meiner dei to damene: Det er tvert imot skam på det landet som har stilt ressursane sine til disposisjon slik at sveitsemigrantane kunne bli søkkrike!
Logikken, for ikkje å seia moralen her, ligg på eit så høgt nivå at iallfall min forstand står stille.
Publisert:
Publisert: 4. august 2025 15:09