«Erling! Få på deg shortsen. Du skal inn!»

3 hours ago 4



Under VM-kampen mellom Norge og Frankrike fekk Ståle Solbakken (42) nok av sinte nordmenn som ba han setje Erling Braut Haaland inn på bana.

 Privat Foto: Privat
Lørdag 11. juli kl. 18:02
  • Ståle Solbakken frå Fåvang blir stadig forveksla med fotballtrenaren Ståle Solbakken.
  • Solbakken (42) jobbar som innkjøpsansvarleg på delelageret til Tine, og er ikkje interessert i fotball.
  • Under ein VM-kamp spela han med på forvirringa under ein telefonsamtale og imiterte trenaren med same namn.
  • Ståle Solbakken (58) frå Grue er landslagstrenar.
  • Ståle Solbakken (42) frå Fåvang er absolutt ikkje landslagstrenar.

Sistnemnde er eigentleg uinteressert i fotball, jobbar på Tine sitt meieri på Frya i Ringebu, som lagar Cottage Cheese. Og han er frivilleg brannmannskap.

Det var lokalavisa Dølen som først skreiv om namnebrødrene.

Han har heller aldri vore leiar eller trenar, slik som namnebroren. No er han rett og slett dritlei av å bli oppringt av folk, nesten utelukkande menn, som trur - eller latar som dei trur han er den andre Ståle Solbakken.

Les også: Erling Haaland (58) spurt om å sponse nye tenner

Så langt har det gått at Ståle Solbakken har brukt CAPS LOCK hjå 1881 om at han ikkje er fotballtrenaren.

– Men det hjelper ikkje. Folk held fram med å ringe og sende meg tekstmeldingar, klagar Ståle. Han er mest lei av det. Men har også litt moro med det.

Så, då han fekk ein av 54 oppringingar midt under VM-kampen mellom Norge og Frankrike, så endra han litt strategi. Han slo av flymodus og tok telefonen frå ein litt hissig kar.

Mannen som ringde meinte Solbakken måtte sende Norge sin stjernespiss Erling Haaland inn på bana. Det heldt ikkje med det B-prega mannskapet som spelte- og seinare tapte mot franskmennene.

Gjekk inn i rollen

Ståle Solbakken (frå Fåvang) gjekk inn i rolla som namnebroren frå Grue:

– Erling! Få på deg shortsen. Du skal inn! ropte Solbakken høgt og tydeleg inn i mobiltelefonen medan lyden frå TV-sendinga vart skrudd opp for å skape stadionstemning.

 VEGARD GRØTT / BildbyrånSTÅLE OG ERLING: Landslagssjef Ståle Solbakken fotografert saman med Erling Haaland etter kampen mot Frankrike i Foxborough - der Norge stilte med eit B-prega lag, og tapte. Foto: VEGARD GRØTT / Bildbyrån

Om innringaren gjekk på skodespelet med Ståle frå Fåvang i hovudrolla, er vel heller tvilsamt. Ståle landslagstrenar frå Grue tek neppe imot telefonar fra framande midt under kampen.

Ikkje interessert

– Kor lite interessert er du i fotball?

– Eg er eigentlig ikkje noe spesielt interessert. Har ikkje nokon fotballbakgrunn sjølv. Aldri spelt på noko lag. Har ikkje noko favorittlag i Norge, ikkje i England, svarar Ståle.

– Men du har sett laget til Ståle Solbakken i VM?

– Ja, der har eg følgt med litt.

 PrivatFEKK DRAKT: Ståle Solbakken frå Fåvang fekk ei drakt med Solbakken på ryggen då han deltok i eit moroprogram om namnebrødre med Johan Golden for mange år sidan. Drakta har han enno. Foto: Privat

For å finne nærmaste fotball-lag som hevdar seg i Norge - må Ståle køyre E6 halvannan time frå Fåvang i Gudbrandsdalen til Hamar - for å sjå på HamKam.

Men det blir nok aldri aktuelt, sjølv om det er den eliteserie-klubben som står namnebroren sitt hjarte nærmast.

– Har du sans for Solbakken og korleis han er som trenar?

– Eg tykkjer han har gjort ein fenomenal jobb med landslaget. Og det verkar som om han har god kontakt med alle spelarane. Flink fyr.

 PrivatBRANNMANN STÅLE: Ståle Solbakken stiller også som frivilleg i brannvesenet på Fåvang i Gudbrandsdalen ved behov. Foto: Privat

Ståle Solbakken (42) har aldri sett- eller møtt namnebroren og samfylkingen frå Innlandet.

– Eg skulle likt å få lov til å møte Solbakken og til dømes oververe ei trening med landslaget. Det hadde vore styggartig, seier Solbakken.

Han har stor sans for at namnebroren under USA-VM også utmerka seg med å tale FIFA-toppane midt i mot. Det skjedde etter at FIFA-sjef Infantino ga etter for president Trump som ville spare ein USA-spelar for karantene.

 Bjørn S. Delebekk / VGLIKAR LEIARSTILEN: Ståle Solbakken (til høgre) får skryt frå namnebroren frå Fåvang for måten han leiar landslaget på. Her Solbakken saman med assistent og barndomskompis Kent Bergersen før Frankrike-kampen i VM. Foto: Bjørn S. Delebekk / VG

Så kjem Ståle Solbakken på at han i likheit med landslagssjefen har ungar som spelar fotball.

– Så dei har hatt Ståle Stolbakken på sidelinja under kampane?

– Jau, då. Eg må jo stå og heie litt då. Men nokon trenarjobb skal eg ikkje ta på meg.

Blir litt hojing og skriking

– Korleis er du som fotballpappa, då?

– Eg blir litt ivrig når eg ser på at dei sparkar fotball og har det artig utpå der. Det blir nok litt hojing og skriking.

Kor viktig er Ståle Solbakken for fotballandslaget?

aHan er kjempeviktig. Får stjerner og andre til å fungere som eit lag.bHan er viktig, men dei ute på bana er viktigast.cTrenaren si rolle er overvurdert.

– Du skremmer ikkje ungane?

– Nei då, eg heiar mest.

– Til slutt - nokre gode råd frå Ståle til Ståle før kvartfinalen mot England?

– Nei, det treng han ikkje frå meg.

Read Entire Article