Erna Solberg og Høgre har ikkje tenkt ein ny tanke sidan dei tapte stortingsvalet i 2021

1 week ago 22



Er det nokon som ikkje bør skriva om gammal politikk, er det Høgre, meiner Lisa Marie Ness Klungland (Sp).
  • Lisa Marie Ness Klungland

    Lisa Marie Ness Klungland

    Stortingsrepresentant (Sp)

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Det er noko sjarmerande med Høgre og Aleksander Stokkebø som angrip Ap for den same gamle politikken. Fakta er jo den at det er lite som skil dei to partia på dei fleste område.

Stokkebø meiner i eit lesarbrev 9. april at Ap ikkje har nye klede, men dei same gamle. Det same kan definitivt seiast om Høgre. Ei stemme til Ap eller til Høgre, er ei stemme til å behalda systema slik dei er i dag.

Høgre har ikkje tenkt ein ny tanke sidan dei tapte stortingsvalet i 2021.

Ap og Høgre er garantistane for det straumsystemet me har i dag som gjer at bedriftene i Rogaland må blø for ein feilslått energipolitikk i EU. Dei er garantistane for ei tettare tilknyting til EU, som vil gjera at bedriftene våre mistar sitt største konkurransefortrinn: Låge og stabile straumprisar samanlikna med resten av Europa.

Høgre i 2025 er det same partiet som i 2013, 2017 og 2021. Høgre er det nye reverseringspartiet i norsk politikk. «Keisar» Solberg har dei same gamle kleda på seg. Dei har ikkje tenkt ein ny tanke sidan dei tapte stortingsvalet i 2021.

Verda har endra seg heilt enormt sidan den tid. Men kva går Høgre i år til val på? Nye kommunesamanslåingar, å stå ved gamle system som helseføretaksmodellen og straumsystemet og å reversera helsepolitikken og skulepolitikken me har gjennomført sidan 2021.

Dei vil fjerna endringane i midlertidig arbeidskraft, endringane som er gjort på tog og elles tilbake til alt slik det var før. Ifølge Dagbladets Lars Helles kommentar 23. desember 2024: «Det er rett og slett noe resignert over Høgre når det som ser ut til å være deres viktigste valgkampsaker blir en slags mimretur tilbake til forrige gang de satt med makta.». Her skal Ap faktisk ha ros: Dei har saman med oss i Senterpartiet gjort ein del endringar til det betre. Endringar som Høgre nå går til val på å reversera.

Publisert:

Publisert: 24. april 2025 20:38

Read Entire Article