Espen får medalje for heltedåden etter helikopterstyrten

1 hour ago 2



Det er snart to år sidan den fatale helikopterulykka utanfor Sotra der sjukepleiar Reidun Hestetun (61) omkom.

Helikopteret frå Bristow var ute på treningsoppdrag då det styrta i havet kvelden 28. februar i 2024.

Dei seks personane om bord hamna då i det iskalde havet med fire-fem meter høge bølgar og sterk kuling.

Ein av dei som var om bord, var redningsmann Espen Hammer Wibe

– Ting skjer fort. På eit tidspunkt forstår eg at vi havarer og hamnar i sjøen. På det tidspunktet tenker eg at no må eg vere på om vi skal overlevere dette, seier Wibe.

Med stoisk ro og tryggleik handla han raskt og leia gruppa med overlevande mot land.

Og i dag fekk Wibe medalje for sin redningsdåd til sjøs.

– Eg blir veldig stolt og audmjuk over nominasjonen og tildelinga. Det set eg veldig stor pris på, seier han.

En mann som står med dress og holder fram et innrammet diplom.

Prisen blei delt ut på Rana rådhus av Statsforvaltaren i Nordland Tom Cato Karlsen og Rana kommune. 

Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK

Wibe, som bur i Mo i Rana, fekk utdelt prisen av Statsforvaltaren i Nordland, Tom Cato Karlsen på rådhuset.

– Grunngjevinga er at han har berga liv. Han har klart å samle dei andre overlevande og haldt dei i bevegelse, og å få dei nærmare land, seier Karlsen til NRK.

Prisen blir delt ut til personar som har vist «mot, handlekraft og dyktigheit» ved livredning til sjøs.

Medaljen er ei viktig anerkjenning for heltemodige handlingar på havet.

– Situasjonen var kaotisk

Under havariet blei helikopteret slått rundt og raskt fylt med vatn.

Før Wibe kom seg ut gjennom ein nødutgang, fekk han trekt eit siste pust gjennom ei lita attverande luftlomme inne i maskina.

  • En mann i dress.

    Espen Hammer Wibe

    • Redningsmann under helikopterulykken utenfor Sotra

Wibe kom seg ut og klarte å finne fram nødpeilesendaren i vesten og aktivere signalet.

– Situasjonen var kaotisk, uoversiktleg. Det var mørkt, mykje vind og bølger. Det var lite sikt, så ein ser lite, seier Wibe.

I mørket høyrde han etter kvart roping. Han svømte mot stemmene og oppnådde kontakt med tre av besetningsmedlemmene.

  •  Helikopteret som havarerte kvelden onsdag 28. februar er hevet fra sjøen og flyttet til Haakonsvern lørdag 2. mars.

    Vraket blei funne på over 200 meters djup, melder Havarikommisjonen.

  • Bildet av helikopteret etter det er hevet fra vannet.

    Helikopteret på dekk.

  • Helikopteret på kai på Haakonsvern marinebase. Foto SHK

    Helikopteret på kai på Haakonsvern marinebase.

  •  Helikopteret som havarerte kvelden onsdag 28. februar er hevet fra sjøen og flyttet til Haakonsvern lørdag 2. mars.

    Vraket blei funne på over 200 meters djup, melder Havarikommisjonen.

  • Redningsskøyten Kristian Gerhard Jebsen, helikopterulykke Sotra

    Norsk Redningsselskap var involvert i redningsaksjonen og fann då gjenstandar frå helikoptervraket.

Etter kvart begynte fleire å vise teikn til å vere nedkjølt. Wibe kjente igjen faresignala og fortsette å motivere gruppa til å halde seg i aktivitet.

– På eit tidspunkt der så bestemmer eg meg for å overvake medvitsnivået til dei som er i sjøen, og starte svømming mot land.

Tidslinje: Helikopterstyrten vest for Sotra

Slik gjekk det med helikopteret som styrta vest for Sotra i Vestland. Dei nyaste oppdateringane er nedst i tidslinja. Fleire av tidspunkta er henta frå Hovudredningssentralen (HRS).

Då var Wibes eigne hender så nomne at han berre kunne utføre grove motoriske rørsler, og smertene var uuthaldelege.

Etter 45 minutt i havet blei Wibe og gruppa funnen av eit redningshelikopter og henta opp og frakta vidare til Haukeland universitetssjukehus.

Det er ikkje første gongen Wibe får anerkjenning for innsatsen sin under helikopterulykka.

I desember 2024 blei Wibe overraska med heidersprisen the Valor Spear i Bristows lokale.

– Går inn i kampmodus

– Det er så fortent.

Det seier redningsmann ved 330-skvadronen. Torstein Sande. Han var den første som kom til staden då gruppa hadde komme seg i land.

– Det han har gjort for kollegaene sine, som var så kalde som dei var og ute av stand til å ta vare på seg sjølv, det er heilt vilt, seier Sande og legg til:

– Ein time kan verke som kort tid for mange, men ein kan berre gå ut i eit basseng å legge seg der i ein time og kjenne på kor lang tid det eigentleg er. Det er sjukt krevjande.

Mange mennesker som er pent kledd. De sitter rundt et avlangt rundbord og ser frem mot midten der en mann står og har fått en medalje.

Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK

Sande førebudde seg på det verste då han rykte ut for å hjelpe den kalde februarnatta i 2024.

Det å få melding om at eit søk- og redningshelikopter har havarert, er det verst tenkelege scenarioet dei i redningstenesta kan få, seier Sande.

– Då byrjar kjenslene å komme inn og alle saman går inn i kampmodus. Det er veldig spesielt. Det skal ikkje skje. Vi skal redde folk, ikkje havarere.

Publisert 04.02.2026, kl. 16.25 Oppdatert 04.02.2026, kl. 16.26

Read Entire Article