– Habilitetsreglane blei ikkje følgt.
Det seier ordførar i Heim kommune, Marit Liabø Sandvik (Ap), til NRK.
I slutten av desember mottok ho eit varsel om at kommunedirektør Ola Morten Teigen ikkje hadde meldt seg inhabil då bror hans fekk kommunal bustad.
Broren er Document-journalist Espen Teigen. Han har tidlegare vore rådgjevaren til Sylvi Listhaug.
– Det er funnet kritikkverdige forhold, legg ho til.
VG omtalte saka først.
– Han var sjølvsagt inhabil
Espen Teigen fortel til NRK at bror hans, kommunedirektøren, sjølvsagt var inhabil i saka.
– Han var sjølvsagt inhabil og meldte seg også inhabil. Han var ikkje involvert i saksbehandlinga, berre så det er klart, seier han.
Men feilen skal ha oppstådd då kommunedirektøren ikkje meldte seg inhabil til ordføraren, men til nokon andre i kommunen.
NRK har ikkje lukkast i å få ein kommentar med kommunedirektør Ola Morten Teigen.
Ola Morten Teigen har vore kommunedirektør i Heim kommune sidan 2021.
Foto: Hege AbrahamsenOrdførar Sandvik seier det stemmer at kommunedirektøren meldte seg inhabil, men ikkje riktig stad. Dermed er det brot på habilitetsreglane, forklarar ho:
– Men det er ordførar som skal ha habilitetsvurderinga frå kommunedirektøren. Det er ordføraren og politikarane som ikkje er inhabile når kommunedirektøren ønsker å vurdere habiliteten sin, forklarar ordføraren.
– Det hadde vore rett dersom det var eg som hadde fått den vurderinga, legg ho til.
– Det skal ryddast opp
Sidan varselet kom inn har kommunen undersøkt saka med hjelp frå KS, kommunesektoren sin interesseorganisasjon.
– Sånn at me fekk ei ekstern vurdering på varselet og innhaldet i det, seier Sandvik.
– Og det viser at det er brot på habilitetsreglementet.
Marit Liabø Sandvik, ordførar i Heim kommune.
Grafikk: Heim kommune– Veit du om det er gjort med vilje eller om det har skjedd fordi ein ikkje har visst kven det er ein skal melde ifrå til, om at ein er inhabil?
– Det har eg ikkje nokon tanke om eigenleg. Men det er veldig sjeldan at vi får sånne type habilitetsspørsmål, så det er ikkje noko vi gjer så ofte, svarar Sandvik.
Ordføraren seier dei no vil følge opp rapporten og gjere tiltak som er anbefalt der.
– Det handlar om at det skal ryddast opp og at sånne type ting ikkje skal skje vidare. Og så skal det ryddast opp i rutinar, sånn at vi slepp å få denne typen problematikk i framtida.
Ville flytte nærmare familien
I fjor ønska Espen Teigen og kona å flytte nærmare familien hans.
– Vi budde om lag tre timar unna, i Steinkjer. Då dukka det opp ei leilegheit og fleire hus. Så søkte vi på leilegheita og så fikk vi den på heilt ordinært vis.
Han fortel vidare at dei oppfyller kriteria for å få kommunal bustad.
– VI trivst godt i Heim kommune og vi er veldig glade for å ha blitt tatt godt imot her, legg han til.
Ordførar Sandvik seier at Teigen og kona har leigekontrakt med kommunen og at dei som leigetakarar har sterke rettar.
– Vi har ikkje tatt stilling til kva vi gjer vidare i akkurat denne konkrete saka.
Publisert 29.04.2026, kl. 18.34 Oppdatert 29.04.2026, kl. 19.39













English (US)