Etikkrådet får kritikk for ikkje å ha reagert tidlegare på oljefondets investering i det israelske selskapet Bet Shemesh.
No seier etikkrådsleiar Svein Richard Brandtzæg at dei burde ha sett nærare på selskapet før.
– Vi burde ha gått grundigare inn i dette tidlegare, seier Brandtzæg.
Aftenposten avslørte måndag at oljefondet har investert i Bet Shemesh, eit selskap som held ved like kampfly brukt i krigføringa i Gaza.
På eigne nettsider viser selskapet til samarbeid med det israelske militæret.
Følg utvikla her:
Ber om ny gjennomgang
Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) har gitt Noregs Bank og Etikkrådet 15 dagar på å gå gjennom investeringane fondet har i Israel.
– Målet er å sikre at pensjonsfondet ikkje er investert i selskap som medverkar til folkerettsstridig krigføring i Gaza eller ulovleg okkupasjon av Vestbreidden, sa Stoltenberg.
Finansministeren måtte møte opp på Dagsnytt 18 og Dagsrevyen for å svare på kritikken.
Foto: Frida Wattne Lindland / NRKFinansministeren ville ikkje kommentere enkeltselskap, men uttrykte at det kan bli aktuelt å vurdere endringar i etterkant.
– Eventuelle systemendringar får vi vurdere i etterkant, men det har vore gjort endringar før, sa han.
Ifølgje Frifagbevegelse blei Finansdepartementet gjord merksam på dei omstridde investeringane for over ein månad sidan.
Finansminister Jens Stoltenberg bekreftar at departementet, Noregs Bank og Etikkrådet har vore kjent med informasjon sidan slutten av juni.
– Det er nå vi har vi fått grunn til å tru at Etikkrådet og Noregs Bank kanskje ikkje har vurdert den informasjonen sånn som dei skulle, seier Stoltenberg.
Statens pensjonsfond utland skal ikkje vere investert i selskap som medverkar til statars brot på folkeretten, ifølgje retningslinjer vedtatte på Stortinget.
Slik svarer Stoltenberg på kritikken:
– Nye opplysningar gjer saka meir alvorleg
Det har vore jamn kontakt mellom Finansdepartementet og Etikkrådet sidan aktivitetane i selskapet blei kjente, opplyser leiaren for Etikkrådet.
Brandtzæg forklarer at selskapet fyrst blei vurdert som ein komponentleverandør, og at det då ikkje oppfylte kriterium for utelukking.
Etikkrådet skil mellom å levere delar, produsere våpen og bidra med vedlikehald, der sistnemnde ofte blir sett på som tettare medverknad i militær verksemd.
– Det er fyst no det har kome nye opplysningar om at dei også driv med vedlikehald. Det gjer saka meir alvorleg, og dette skal vi no sjå nærare på, seier Brandtzæg.
Han meiner informasjonen som har kome fram i media har vore viktig, og at det er bra at saka blir løfta fram.
Brandtzæg seier at vedlikehald kan innebere tettare medverknad i militær aktivitet.
– Komponentleveransar åleine er som regel ikkje nok til å utløyse utelukking. Våpen er ein klarare kategori. Men vedlikehald kan innebere ein tettare form for medverknad. Og medverknad er eit viktig element i våre vurderingar.
– Vi vurderte tidlegare selskapet berre som ein komponentleverandør, men no må vi ta høgde for at dei også bidreg med vedlikehald.
På spørsmål om vedlikehald kan bety at ein støttar krigføringa, svarar han:
– Det er nettopp slike spørsmål vi ser nærare på når vi vurderer graden av medverknad.
Forståeleg at folk reagerer
Etikkrådsleiaren seier det er forståeleg at folk reagerer på at dette ikkje har blitt fanga opp tidlegare.
Han erkjenner at dei burde ha oppdaga det før, men peikar på at det er krevjande å følgje med på 9000 selskap.
– Eg skulle ønske vi oppdaga dette tidlegare.
Etikkrådet består av fem medlemmar.
Svein Richard Brandtzæg, leiar av Etikkrådet saman med dagleg leiar i NBIM (oljefondet) Nicolai Tangen og sentralbanksjef Ida Wolden Bache i samband med Finanskomiteen held open høyring om Statens pensjonsfond 2025 på Stortinget.
Foto: Lise Åserud / NTBBrandtzæg meiner eit større råd ikkje nødvendigvis ville gjort jobben betre, men at det alltid er rom for å diskutere og forbetre kriteria.
No skal etikkrådet gå gjennom selskap som oljefondet investerer i på nytt.
Brandtzæg seier dei skal samle inn all informasjon og sende ei ny tilråding til Noregs Bank viss dei meiner selskapet bør bli utelukka.
– Dersom banken avgjer uttrekk, skjer det fyst eit nedsal før offentleggjering. Det tek tid, men vi skal gjere det grundig og ordentleg, seier han.
Han bekrefta at rådet også vurderer andre israelske selskap fondet har investert i.
Publisert 05.08.2025, kl. 20.58