Færre flyktningar kan føre til nedbemanning

2 hours ago 1



Politikarane i Lindesnes si avgjerd om å ta imot færre flyktningar i år, kan føre til nedbemanning ved Lindesnes læringssenter, skriv Lindesnes.

Politikarane har vedteke å busette 60 flyktningar i år. Det er færre samanlikna med tidlegare år. I 2022 busette kommunen 205 flyktningar. Dei to neste åra var talet 100. I fjor busette kommunen 50 flyktningar.

Læringssenteret gir norsk- og grunnskuleopplæring til fleirspråklege innbyggjarar. Bemanninga kan no bli redusert med 3,5 lærarårsverk og fire fagarbeidarårsverk.

– Når, og eventuelt, om vi kjem i ein nedbemanningssituasjon, avheng av den overordna tilsettingsprosessen i oppvekstsektoren. Dette har vi ikkje full oversikt over per i dag, seier einingsleiar Inga Øybekk til avisa.

Read Entire Article