Fann sakna mann etter to døgn: – Eg såg i augekroken at noko rørte på seg

4 days ago 10



– Alle som var med å leita, hadde eit lite håp om at han skulle vere i live. Men med dette terrenget og alle moglegheitene for at det kan gå gale var det kanskje ikkje så realistisk. Men det var viktig å halde oppe innsatsen med det vesle håpet som var.

Roy Tore Sandnes i Rauma Røde Kors meiner dette viser kor viktig det er å halde på lenger enn ein trur. No fortel han om den dramatiske leiteaksjonen ved Trollstigen.

Torsdag blei ein mann i 60-åra frå Nederland meld sakna. Han hadde vore på tur til det populære Stabbeskaret (1431 moh.), men ikkje kome tilbake.

Kona og dottera hadde snudd i det dårlege vêret, men mannen gjekk vidare.

Mann med ryggsekk ser inn i kameraet

Roy Tore Sandnes i Rauma Røde Kors fortel om det krevjande søket etter mannen som var sakna ved Trollstigen.

Foto: Privat

Krevjande leiteforhold

I to dagar trassa leitemannskapa tett tåke, sleipt og bratt terreng for å finne den sakna mannen.

Over 30 personar frå politiet, Røde Kors Hjelpekorps, Norsk Folkehjelp, Norske Redningshunde og Sivilforsvaret deltok i søket. Alpin redningsgruppe bidrog i bratt terreng.

Også redningshelikopter blei sett inn, men måtte avbryte det første forsøket.

Leitearbeidet var veldig krevjande.

– Tåka gjorde det veldig vanskeleg med ein sikt på berre kring ti meter. Du kan gå rett forbi nokon som ligg skada i terrenget. Det var flaks at tåka letta laurdag ettermiddag.

Fekk augekontakt

Men så blei det fanga opp mobilspor. Roy Tore Sandnes og gruppa som han var i, blei dirigert bort frå det området han skulle leite i. Han og ein annan gjekk først i gruppa.

Og då fann dei den sakna mannen, og han var i live.

– Då vi var på veg framover såg eg i augekroken at noko rørte på seg. Då fekk oss augekontakt.

Både leitemannskapa og den sakna mannen småsprang mot kvarandre.

– Då var gleda stor. Både hos han og hos oss, seier Sandnes.

Mannen blei frakta til sjukehuset på Hjelset i Molde med helikopter. Her blei han undersøkt og fekk forlate sjukehuset seinare same dag.

et par personer på tur

Leitemannskapa hadde heile tida eit håp om å finne mannen.

Foto: Privat

Høyrde helikopter

Mannen fortalde leitemannskapa at han høyrde helikopteret fleire gongar. På eit tidspunkt skal han og ha sett helikopteret. Han trudde difor at han var funnen av helikopteret.

Men det var bakkemannskapa frå Røde Kors som til slutt kom fram til mannen. Då hadde han sitte i ro i to døgn, utan mat og veldig frosen.

Det var mange som var letta etter at mannen var funnen. Dei som hadde vore med i søket, kunne trekke pusten. Og det var mange å takke for innsatsen.

– Eg har ståpels på armane. Vi er veldig takknemlege for at det har gått bra, sa innsatsleiar i politiet, Geir Helge Ådneram.

Leitemannskapa gav aldri opp håpet. Men dei hadde og flaks. Verken drone, hundar eller helikopter hadde vore til hjelp. Det måtte eit vêrvindauge til for å finne mannen.

Då Roy Tore Sandnes og resten av hjelpemannskapa fekk auge på mannen var han 150 meter unna.

– Hadde det vore tåke då hadde vi nok gått rett forbi han.

Publisert 27.07.2025, kl. 15.11 Oppdatert 27.07.2025, kl. 19.28

Read Entire Article