– Ein av dei klaraste diskane me har sett på lang tid, seier Emil Iversen.
NRK har akkurat vist han spurten til Casper Kvam Grindhagen, som vann det fyrste rennet under Toppidrettsveka.
Etter målgang reagerte fleire på korleis vinnaren løyste oppløpet.
– Det er jo disk. Sjølvsagt, seier Petter Northug når NRK viser han klippet.
Han meiner Grindhagen tek for mange skøytetak på oppløpet.
– Viss eg fekk reprimande på Blink, så er dette også disk, legg Northug til.
Han fekk sjølv straff då han tok ei rekke skøytetak under Blinkfestivalen tidlegare i august. Han meiner dagens vinnar burde fått same straff.
STRAFF: Petter Northug fekk straff etter å ha tatt fleire skøytetak under Blinkfestivalen.
Foto: Jan Kåre Ness / NTBOgså Emil Iversen reagerer på korleis Grindhagen gjekk.
– Det er vanskeleg på rulleski, men om ein skal vere konsekvent, så må han bli diska. Dette er mange gule kort på rad. Men du kan sikkert finne feil på alle. Det er ikkje sett sport på rulleski. Men denne er på kanten, legg Iversen til.
– Mistar hovudet
Spurten starta eit par hundre meter før mål. Grindhagen tok eit par skøytetak og fekk høgare fart enn konkurrentane. Forspranget gav han aldri frå seg.
Då NRKs kommentatorar såg spurten i reprise la dei merke i skøytinga.
– På grensa, meldte Torgeir Bjørn.
Over grensa meinte fleire – til og med vinnaren sjølv.
– Emil Iversen kan vel å melde. Han har gjort mykje «gæli.» Dette skjer fort, seier Casper Kvam Grindhagen.
Men han rynkar på nasen etter å ha sett sin eigen spurt frå fugleperspektiv:
– Eg mistar hovudet på slutten, og da skjer det jo.
MISTA HOVUDET: Casper Kvam Grindhagen vann langløpet på Hitra. Han meiner han mista hovudet på oppløpet.
Foto: NRK– Får ta oss litt i nakkeskinnet
Grindhagen vann framfor Mattis Stenshagen og franske Théo Schely.
– Heile feltet kunne gått reinare, seier Stenshagen.
Han legg til:
– Me får ta oss litt i nakkeskinnet alle mann. Eg trur ikkje det er bevisst. Asfalten er ikkje rett heller. Det blitt litt slik. Men me driv jo med langrenn, så då bør me kanskje ha parallelle ski, seier andreplassen.
OTER I VEGBANEN: Torleif Syrstad var berre ein halv meter frå å treffe ein oter i vegbanen.
Det 52 kilometer lange rulleskirennet på Hitra er det fyrste under Toppidrettsveka.
Langløpar Torleif Syrstad leia lenge løpet, men blei henta inn av feltet då det var to kilometer att.
Astrid Øyre Slind vann på kvinnesida, framfor Lotta Udnes Weng og Silje Øyre Slind.
På laurdag er det klart for sprint. På sundag er det fellesstart og jaktstart med målgang i Trondheim sentrum.
Toppidrettsveka avgjerast med 12 km jaktstart direkte frå VM-anlegget i Granåsen.
Publisert 22.08.2025, kl. 21.59