Fekk 150 i puls av å reise seg frå senga: – Eg måtte berre ligge og vente på å bli frisk

6 days ago 23



Året 2023 nærma seg slutten. Med nyleg deltaking i både junior-VM og junior-verdscup var Aline Holbø Dyrset ein lovande skøyteløpar. På hybel i Oslo balanserte trondheimsjenta ein kvardag prega av skole og trening.

Så sa det stopp.

– Eg kunne svime av når eg reiste meg fordi kroppen ikkje tolte å stå, minnest skøytetalentet.

På det verste kunne ho ha 90 i puls under avslapping. Reiste ho seg kunne ho bikke 150 – pulsen ho normalt hadde på ein roleg sykkeltur.

Aline Holbø Dyrset

MYKJE SYKLING: Sykling har vore ein sentral del av Dyrsets trening både før sjukdommen og under opptrening.

Foto: Privat

– Eg fungerte ikkje i det heile, men eg hadde ikkje lyst til å innsjå det så eg pressa meg framleis til å gjere ting.

Drevet av idrettsmentaliteten, fortsette ein utmatta Dyrset å kjempe seg på både skole og trening.

Men kroppen var ikkje til å kjenne igjen.

– På trening fekk eg ikkje til det eg fekk til før. Det fungerte berre ikkje, fortel ho.

Heime klarte ho ikkje å slappe av.

– Når ein har så høg puls, har ein veldig høgt adrenalin utan å klare å stoppe det. Det er som å konstant ha ei treningsøkt, beskriv ho.

Aline Holbø Dyrset

PRESTERTE DÅRLEGARE: Dyrset prøvde å vere med på trening, men opplevde dalande prestasjonar.

Foto: Vilde Alfstad Olsen / NRK

Månadene gjekk, utan betring. I mars reiste Dyrset heim til familien i Trondheim. Først der innsåg ho at ho måtte gi kroppen fullstendig ro.

– Det var jo veldig vanskeleg, for eg er ikkje meint for å berre ligge.

I mai fekk Dyrset omsider svar på plagene. Dei kjem av posturalt ortostatisk takykardisyndrom (POTS). Ifølge NHI er det ein tilstand der hovudsymptomet er auka puls i oppreist stilling, utan samtidig stort blodtrykksfall.

POTS er likevel lite forska på, og førekomsten her til lands er dermed ukjent.

Folkehelseinstituttet opplyser til NRK at tilstanden ikkje har ein eigen sjukdomskode, og at det dermed ikkje eksisterer statistikk på talet på sjukdomstilfelle i Noreg.

Heller ikkje Helsedirektoratet har nokon råd eller retningslinjer på området.

– Ei ekkel kjensle

Manglande kunnskap om tilstanden gjorde at Dyrset kjente på mykje usikkerheit.

Den tøffe perioden starta da ho fekk korona i desember 2023. Da koronasymptoma gjekk over, men kroppen framleis ikkje var som før, oppsøkte ho lege.

Dei gjentatte legebesøka gav likevel ingen klare svar. Dyrset opplevde at ingen hadde noka anna forklaring enn at det var etterverknader av korona. Ho måtte berre prøve å kvile seg frisk.

Aline Holbø Dyrset

MYKJE USIKKERHEIT: Dyrset fortel at ho var usikker på om rett måte å bli frisk på var å ligge i ro.

Foto: Vilde Alfstad Olsen / NRK

– Eg kjenner på ein måte at eg blei litt avfeia. Dei skjønte jo at det var alvorleg, men dei skjønte ikkje kva dei skulle gjere, fortel Dyrset.

Kjensla av å ikkje bli trudd blei ei ekstra påkjenning.

– Det er jo i utgangspunktet nok med sjukdommen i seg sjølv, og så må du i tillegg takle at folk ikkje skjønner kva det er. Det var ei ekkel kjensle, minnest ho.

Lege fekk bekrefta mistanken

Heile fem månader med utmatting, svimmelheit, øyresus og hjernetåke skulle gå før Dyrset endeleg fekk ei forklaring på symptoma.

Etter ei oppfordring frå kollegaene til mora, fekk ho kontakt med ein lege som omsider gav svar. Legen kjente igjen symptoma og tok ein POTS-test på Dyrset.

Den bekrefta mistanken.

– Det var ein lette. Ein har jo ikkje lyst til å ha den sjukdommen, men samtidig er det ein sjukdom du kan bli frisk av. Eg fekk ei bekrefting på at det eg hadde kjent faktisk var noko.

Aline Holbø Dyrset

– IKKJE TRUDD: Dyrset følte at ho ikkje blei trudd på av legane.

Foto: Vilde Alfstad Olsen / NRK

Ole Christian Mjølstad, klinikksjef og overlege ved Klinikk for hjartemedisin ved St. Olavs hospital og leiar i Norsk cardiologisk selskap, forklarer at POTS kan vere ein vanskeleg diagnose å stille.

– Det viktigaste kriteriet for diagnosen POTS er den overdrivne pulsstigninga når ein reiser seg, men det mest markante er ofte at ein kjenner seg sliten og utmatta, svimmelheit og kvalme. Dette er jo lite spesifikke symptom, og ein blir derfor gjerne gåande lenge, kanskje tilvist i fleire retningar, før diagnosen til slutt blir stilt.

Ole Christian Mjølstad, overlege ved St. Olavs hospital i Trondheim.

IKKJE-FUNGERANDE: Hjartespesialist Ole Christian Mjølstad fortel at fleire POTS-pasientar opplever å ikkje fungere i kvardagen.

Foto: Thomas Eckhoff/Den norske legeforening / Thomas B Eckhoff

Behandlinga av POTS er heller ikkje enkel. Nokon responderer positivt på auka væske og saltinntak, i tillegg er tilpassa trening anbefalt. Det finst medikament som betablokkar eller ivabradin som senkar den høge pulsen, men effekten er varierande og biverknader kan oppstå.

– Det er ikkje noko behandling som kurerer tilstanden. Den må på ein måte gå over av seg sjølv, men ein kan prøve å gi behandling som dempar symptoma, fortel Mjølstad.

Ein lang og usikker veg tilbake

Etter å ha fått påvist POTS fekk Aline endeleg hjelp. Ho blei sett på medisinar og fekk råd om opptrening.

Likevel har vegen tilbake til ishallen vore lang. Prognosane for POTS er usikre. Nokon opplever raskt betring, andre plagast i mange år. Opptreninga går gradvis føre seg og forsiktig.

Aline Holbø Dyrset og treningskamerat

GLEDE: Å vere tilbake på fellestrening gir Dyrset mykje glede: – Det går greitt å ha ein dårleg dag, fordi eg veit at eg er på veg tilbake.

Foto: Vilde Alfstad Olsen / NRK

Ifølge seksjonsoverlege Mjølstad opplever dei fleste betring, men ein må vere tolmodig.

– Eg har hatt veldig mange som har komme seg, men det kan ta lang tid, ofte mange år. Eg seier at ein må vere tolmodig og prøve å tilpasse seg, og ein må ikkje overdrive iveren etter å bli frisk.

For Dyrset som var vande til å trene rundt ti økter i veka, var kontrasten til den nye treningskvardagen stor.

– Å gå oppreist eller sykle var ikkje bra, så eg begynte med å ro ti minutt på låg intensitet. Så var det eigentleg berre å auke det forsiktig, seier den treningsglade 18-åringen.

Treningsgruppe kortbane skøyter Sonja Hennie ishall

SAKN: Å vere sosial med resten av treningsgruppa var det Dyrset sakna mest under sjukdomsperioden.

Foto: Vilde Alfstad Olsen / NRK

– Har du på noko tidspunkt vurdert å gi deg?

– Eg har måtta gå i meg sjølv og spurt om det her faktisk er noko eg har lyst til å drive med. Men, eg har sakna det veldig mykje. Så eg trur verkeleg eg har lyst til å fortsette.

Satsar mot OL

15 månader etter at ho først blei sjuk, stod Dyrset igjen på startstreken i eit skøyteløp – kortbane-NM i Oslo.

– Det var veldig stort. Eg gjekk jo mest berre for å gå. Det blei jo ikkje resultat som eg hadde kunna samanlikne med før eg blei sjuk, men det var veldig gøy, beskriv ho.

Den noko reduserte forma til trass, NM-deltakinga enda i bronse på 500 meter.

Aline Holbø Dyrset og trener

LÆRING: Sjukdomsperioden har gjort at Dyrset har lært å kjenne kva kroppen toler og ikkje.

Foto: Vilde Alfstad Olsen / NRK

Dyrset går framleis på medisinar, men byrjar omsider å kjenne seg frisk. Etter jul har deltakinga på skuletreningane gradvis auka, men framleis må Dyrset gjere eigne justeringar.

– Eg har vore redd for å pushe så mykje at eg blir sjuk resten av livet, fortel ho openhjarta.

Trass sjukdommen har ikkje draumane til Dyrset forandra seg.

– Eg har jo lyst til å bli best. Det store målet er OL i 2030.

Aline Holbø Dyrset og Einar Agdestein

SKRYT: Trenar Einar Agdestein skryter over Dyrsets evne til å halde motet oppe gjennom ei tøff tid, og innrømmer samtidig at situasjonen har vore utfordrande å stå i også som trenar.

Foto: Vilde Alfstad Olsen / NRK

Publisert 26.04.2025, kl. 14.19

Read Entire Article