Fekk med seg dottera heim i kjøleseng: – Eg tek Erle heim til folk slik at dei kan sjå ho, men ho pustar ikkje

20 hours ago 1



Då dottera til Camilla Helgeland Vatne døydde etter fødselen, spurde jordmora om ho ønskte å ta med dottera heim. – Det er morbid på eit vis, men også så naturleg, seier ho.

Det hadde stor betyding for mor Camilla Helgeland Vatne å få ta dottera heim frå sjukehuset i kjøleseng. Foto: Pål Christensen / Aftenbladet

Publisert: 06.08.2025 21:20

(Stavanger Aftenblad) – Bilturen heim var forferdeleg. Eg tek Erle heim til folk slik at dei kan sjå ho, men ho pustar ikkje, beveger seg ikkje og er steinkald, seier mor Camilla Helgeland Vatne til Stavanger Aftenblad.

I mars skulle Camilla sin draum om å verte mor gå i oppfylling, men tida med dottera Erle Johanne vart altfor kort.

Då Erle sovna inn på brystet til mor, spurde jordmora på SUS Camilla om ho ønskja å ta med dottera heim.

– «Hæ? Kva snakkar du om?», spurde eg jordmora. Då sa ho at dei har ei kjøleseng som gjer at eg kunne ta med meg Erle heim, fortel Camilla.

Dette tilbodet har alle fødeavdelingar i Norge.

Kjølesenga Cubitus er utdelt av Landsforeningen uventa barnedød (LUB) til alle fødeavdelingar og nyfødt intensivavdelingar i Norge. Foto: Magnus Kolstad / Stavanger Aftenblad

Fekk uventa hjerneskade

– Erle var så ønskja av meg og alle rundt. Det å få beskjed om at ho hadde ein utgangsdato … tøft er eit for lett ord til å skildre det, seier Camilla om dei dramatiske dagane på sjukehuset etter fødselen.

Erle fekk navlestrengen tre gonger rundt halsen og Camilla måtte ta keisarsnitt.

– Då dei fekk ho ut, pusta ho ikkje. Ho hadde vore utan oksygen i 16 og eit halvt minutt. Legane brukte 14 minutt på å få liv i ho igjen.

Men det var ikkje berre under fødselen at ting hadde gått gale.

Under svangerskapet hadde Camilla uroa seg for at noko ikkje var som det skulle med dottera i magen, at ho skulle ha ein hjerneskade.

Sandnesposten har tidligere omtala saka.

– Eg hadde tankar gjennom heile svangerskapet om at eg ikkje skulle få ho med meg heim.

Jordmødrene sa at dottera var frisk, men etter fødselen viste det seg at morkaka til Camilla berre hadde fungert 80 prosent under svangerskapet.

Difor vart Erle fødd med ein massiv hjerneskade.

– Hjerneskaden var for stor. Ein held berre liv i eit skal, sa legane. Eg forstod at ho måtte få sleppe, fortel Camilla.

19. mars klokka 22.17 sovna Erle inn på brystet til Camilla.

Erle sovna inn på brystet til mor 19. mars klokka 22.17. Foto: Pål Christensen / Aftenbladet
– Då hjarta hennar slutta å slå, tok ho mitt med seg. Ho tok med seg alle fargane, nå var livet mitt svart og kvitt.

Camilla Helgeland Vatne Mor

Etter dødsfallet fekk Camilla stelle dottera.

– Eg fekk bade ho, eg fekk skifte bleie på ho, kledd på ho hentesettet som bestemor hadde strikka. Eg fekk gjere meir ting enn eg nokon gong trudde eg skulle, med tanke på skjebnen hennar. Men det var ikkje nok, eg ville jo berre ha ho med meg heim pustande, levande og varm.

Camilla fekk aldri ta dottera med seg heim til familie og venner i live, men kjølesenga gjorde det mogeleg å ta med Erle heim likevel.

– Meir verdig

– Det å miste eit barn som ingen kjenner til, er ein einsam prosess, seier Trine Giving Kalstad, fagsjef i LUB og doktorgradsstudent ved Universitetet i Bergen.

Kjølesenga Camilla fekk låne av sjukehuset, heiter Cubitus. Ho er utdelt av Landsforeningen uventa barnedød (LUB) til alle fødeavdelingar og nyfødt intensivavdelingar i Norge, på bakgrunn av ein innsamlingsaksjon frå eit foreldrepar som mista barnet sitt i dødfødsel i 2017.

– Cubitus bidreg til å gje konkrete opplevingar og innhald til kva dette handlar om, seier Kalstad.

Ho forklarer at senga anten kan brukast på sjukehuset eller til å ta med barnet heim.

– Sengene er ei slags kjøleseng som barnet kan leggjast i, slik at det held ein mykje lågare temperatur enn romtemperatur. Det gjer at foreldre får mogelegheit til å ha barnet hos seg over lengre tid. For mange kan det også vere fint at barnet ikkje vert sendt ned i eit kjølerom.

Dette kjennast som ein meir verdig måte å ta vare på barnet, seier Kalstad.

Det er ei einsam sorg å miste eit nyfødt barn, fortel Trine Giving Kalstad, fagsjef i LUB og doktorgradsstudent ved UiB. Foto: Pål Christensen / Aftenbladet

Åtte dagar heime

– Det har betydd heilt enormt mykje for meg å kunne ha Erle heime. Eg er så glad for at jordmødrene spurde meg om det, seier Camilla om valet å ta med seg dottera heim i kjøleseng.

– Eg vart betre kjend med dottera mi og fekk føle meg som ei mamma.

Erle var heime med mor i åtte dagar.

Camilla fortel om fleire vener og familiemedlem som var skeptiske til kjølesenga i starten, mora til Camilla var blant desse.

– Det var ei sjølvfølge for ho at eg ikkje kunne gjere dette, at eg ikkje kunne ha med meg noko dødt heim. Det vart for morbid, og ho frykta det ikkje skulle vere verdig nok for Erle. Når ein person døyr, er jo det viktigaste for dei rundt verdigheit.

Og så høyrest det jo spinnhakkanes gale ut å ha ein død baby heime, legg Camilla til.

Men då Erle kom heim, fortel Camilla at mora hennar endra meining.

– Det gjekk frå å vere ei sjølvfølge for mor at eg ikkje skulle ta Erle heim, til å verte det mest naturlege i verda. Ho såg kor godt det var for meg, at eg lyste opp.

Camilla Helgeland Vatne med dottera Erle Johanne. Foto: Pål Christensen / Aftenbladet

Kvinneklinikken: Meir vanleg å ta barnet heim i kjøleseng

– Me veit frå forsking at det å få lov til å lage minner saman med barnet og bruke dagane til å gjere noko for barnet ditt, er heilt avgjerande for å gje foreldre ein god start på sorgprosessen. Dette bidreg til å konkretisere at dei er vorte foreldre, seier Kalstad i LUB.

Kvinneklinikken ved Stavanger universitetssjukehus erfarer at det har vorte meir vanleg at foreldre ønskjer å ta med seg barnet heim i kjøleseng.

Dei har i gjennomsnitt hatt 13 dødfødslar i året dei siste ti åra.

Kjølesenga vert teke i bruk ved alle dødfødslar, men Kvinneklinikken kjenner til mindre enn fem tilfelle der foreldre har teke med seg barnet heim frå føde- eller barselavdelinga.

Dei siste ti åra har SUS i gjennomsnitt omtrent seks barn i året som døyr i tida etter fødsel, dette er både premature og terminbarn.

Forskyvd sorgprosess

Då Camilla valde å ta dottera med seg heim frå sjukehuset, tenkte ho ikkje på korleis det kom til å påverke sorgprosessen i ettertid.

– Å ha ho heime gjorde meg så godt på ein måte, men det gjorde også at verkelegheita vart veldig mykje hardare å kome tilbake til då Erle vart gravlagt. Eg hadde åtte dagar der eg var i ei boble der det kjendest som ho levde.

Til tider kjennest det framleis som dottera er i live. Som om kroppen slepp ut sorga gradvis, litt etter litt.

Ho skildrar det som ein forskyvd sorgprosess.

– Eg gruar meg til den dagen det går opp for meg at ho er borte.

Camilla Helgeland Vatne Mor

Camilla veit ikkje om sorgprosessen hadde vorte annleis dersom ho ikkje hadde hatt Erle med seg heim, men ho er tydeleg på at ho vil anbefale kjølesenga til andre foreldre i same situasjon.

– Du har jo ikkje fått vorte kjend med babyen din. Det er veldig vanskeleg for foreldre å aldri få verte kjend med barnet sitt.

– Eg hadde angra dersom eg ikkje hadde gjort det.

Read Entire Article