Forskarar har fått fyken, forskingstilskot blir kutta, og USA blir trekt ut av forskingssamarbeid.
Det er nokre av konsekvensane av Trump-administrasjonen sin politikk.
Nå fryktar det norske Folkehelseinstituttet (FHI) konsekvensane.
– Vi er bekymra for at vi kanskje ikkje får korrekt informasjon, og at vi ikkje får korrekt informasjon i tide, seier FHI-direktør Guri Rørtveit.
FHI-direktør Guri Rørtveit kallar situasjonen «ekstremt uoversiktleg».
Foto: Marthe NjåstadHo seier det særleg er det globale smittevernet og overvakinga dei er opptekne av.
– Ikkje minst treng vi internasjonalt samarbeid om risikoen for nye pandemiar.
Ein stor del av denne overvakinga skjer gjennom Verdshelseorganisasjonen (WHO). På sin første dag som president melde Trump landet ut av organisasjonen.
– Vi ser at amerikanske samarbeidspartnarar blir pålagde restriksjonar når det gjeld ytringar, og kva slags nettverk og møte dei kan delta i, seier Rørtveit.
Treng informasjon
Under koronapandemien var det avgjerande at ulike land gav kvarandre informasjon om viruset og utviklinga. Dette gjeld også andre virus.
– Vi er avhengige av at vi har god internasjonal kommunikasjon om den vanlege sesonginfluensaen, for eksempel om korleis vi trur viruset vil sjå ut neste sesong.
Manglande informasjon kan ha konsekvensar for vaksinesamansetninga for neste år.
– Det vil bety at vaksinen kan vere mindre effektiv, seier Rørtveit.
– Pulsen er ganske høg
Leiar i Akademikerne og professor ved NTNU Lise Lyngsnes Randeberg deler FHI si bekymring.
– Eg trur det er høgst reelt at vi skal vere redde for at informasjonen ikkje er korrekt eller mangelfull. Det går utover tilliten.
Lise Lyngsnes Randeberg er professor i biomedisinsk optikk og fotonikk.
Foto: Thomas Eckhoff / Thomas EckhoffIfølge Washington Post blir det kutta støtte til forsking som inneheld bestemte ord, blant anna «etnisitet», «kjønn» og «mangfald».
– Ord som både «kvinne» og «traume» finst på ordlista til Trump. Det treffer jo mitt felt, så stresset er stort og pulsen er ganske høg akkurat nå, seier Randeberg.
Ho jobbar for tida med ein studie om korleis blåmerke hos barn blir framstilte både i litteraturen og i dommar frå retten. Nå er ho bekymra for kva slags informasjon ho får tilgang til.
– Vi veit ikkje kva som er fjerna. Vi veit ikkje om noko er fjerna og vi veit ikkje når noko kan bli fjerna frå desse databasane.
Fryktar for ytringsfridommen
Det er nettopp denne uvissa som gjer det vanskeleg for enkelte forskarar og institusjonar som FHI å vurdere informasjon. Rørtveit seier situasjonen er veldig uoversiktleg.
– Det er vanskeleg å vite korleis vi skal vurdere konsekvensane. For oss i Folkehelseinstituttet er det viktig at vi følger med på utviklinga og fortløpande analyserer kor og korleis konsekvensane slår inn for oss og landet vårt, seier Rørtveit.
– Fryktar du at de vil få feil informasjon?
– Det er blant dei tinga som vi må følge med på framover. Men vi er i ein situasjon der vi ikkje er heilt sikre på kva slags informasjon vi får.
Demonstrasjonar fleire stader
Fredag blei det arrangert demonstrasjonar i fleire store byar i USA.
I New York, Washington, Chicago og Boston samla fleire tusen forskarar og støttespelarar seg for å demonstrere mot kutta til Trump.
Tidlegare direktør i det Nasjonale helseinstituttet Francis Collins seier kutta setter framgangen i forsking på alzheimer, diabetes og kreft i fare.
– Det er et veldig dårleg tidspunkt, med moglegheitene og momentumet som er nå, seier han til nyhetsbyrået AP.
Lege Cedric Bien-Gund jobbar ved University of Pennsylvania og deltok i ein demonstrasjon ved rådhuset i Philadelphia. Han seier han demonstrerer for pasientar av han som er ikkje-binære eller trans.
– Det har vore for mykje frykt og knebling både av pasientar og våre kollegaer.
Publisert 08.03.2025, kl. 14.31