Fire køyretøy i brann like ved Sandvikvåg ferjekai

8 hours ago 3



Klokka 09.15 fekk politiet melding om at det brann i ein bil ved ein parkeringsplass i nærleiken av Sandvikvåg ferjekai i Fitjar i Vestland.

Spreidde seg til tre nye bilar

Det var fare for at brannen kunne spreie seg, noko den også gjorde:

– Brannen har spreidd seg til tre nye bilar, seier Victor Fenne-Jensen, operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt til NRK 09.30.

Ingen personar har blitt skadde i hendinga.

Brannvesenet har kome fram til staden og er i gang med sløkkearbeidet, fortel politiet til NRK.

Klokka 09.41 melder brannvesenet at dei har fått kontroll.

Brannen skjedde på ein parkeringsplass ved butikken, som er på ferjekaia.

– Det er ikkje i sjølve ferjekøen det brenn, seier Fenne-Jensen.

Ukjent brannårsak

Politiet melder klokka 09.41 at dei er i gang med undersøkingar og avhøyr på staden.

Kva type bilar det var som brann, elbilar eller fossilbilar, er ukjent. Politiet kjenner heller ikkje til om det var eksplosjonsfare, eller kva som var årsaka til brannen.

Ferjetrafikken skal gå som normalt, seier operasjonsleiaren.

Publisert 13.07.2025, kl. 09.38 Oppdatert 13.07.2025, kl. 09.59

Read Entire Article