Fleire fylkespolitikarar og NHO Nordland reagerer på ein svekka beredskap etter raset i Levanger, i ei pressemelding frå Nordland fylkeskommune.
Det var 30. august at det gjekk eit større kvikkleireskred ved Nesvatnet i Levanger. Raset førte til full stenging av både E6 og Nordlandsbanen, noko som har gitt hovudbry for fleire selskap.
Det er full krise i transportårene mellom Nord- og Midt-Noreg, meiner fylkesråd for samferdsel i Nordland, Marianne Dobak Kvensjø (H).
– No må myndigheitene handle raskt, understrekar ho.
Skredet som gjekk har ramma kritisk infrastruktur og forstyrra to av dei viktigaste forsyningslinjene mellom landsdelane.
– Dette rammar innbyggarane sin kvardag, arbeidslivet og tilgang til tenester. Den samla beredskapen er svekka til eit nivå som ikkje lenger er i samsvar med akseptable standardar for sikkerheit, seier Kvensjø.
Ho meiner det hastar å etablere midlertidige løysingar for persontransport og godsforsyning.
Lars Fredrik Martinussen, fungerande regiondirektør i NHO Nordland, meiner at mange liknande hendingar avdekker svakheiter i transportsystemet og i beredskapen.
– Det er no andre gongen på ti månader at vi har ein alvorleg situasjon med brotne hovudveg- og jernbanekoplingar i Nordland.
Det meiner han er grunn til bekymring.
Også Guri Heggem, nestleiar i hovudutvalet for samferdsel i Trøndelag, meiner at det er behov for ein nasjonal, heilskapleg og forpliktande strategi.
– Vi kan ikkje akseptere at alvorlege hendingar knytt til infrastruktur blir den nye normalen. Regjering og storting må prioritere langsiktige investeringar som sikrar trygg og berekraftig transport.