Tysdag kveld gjekk eit 20-30 meter breidt jordskred over riksveg 70 i Sunndal.
Vitnar på staden observerte skredet, og melder at ingen skal vere tatt.
Politiet melder om fleire skred i området. Eit garasjeanlegg skal vere skadd.
Det skal også ha gått eit skred ved Holssanden i Sunndalen. Dette skal ha gått over eit overbygg, og vegen er ikkje stengt der, melder politiet.
Vegen er stengt på grunn av skredet. Dette er einaste fartsåra mellom Sunndal og Oppdal.
Skredet har gått delvis inn i eit garasjeanlegg.
Foto: Eirik Haukenes / NRKRiksvegen er stengt
Det har gått ei kraftig regnbyge gjennom dalen. Den har no passert.
– Det er ein del vatn, men ikkje så mykje massar. Det er tre som ligg i vegen. Det skal ikkje vere mogleg å passere, seier trafikkoperatør Eirik Meyer Jensen.
Han veit ikkje når vegen blir rydda.
Det er ingen nærliggande omkøyringsmoglegheiter på denne strekninga, opplyser Jensen.
Her skal det største skredet ha gått.
Publisert 15.07.2025, kl. 21.07 Oppdatert 15.07.2025, kl. 21.29