Fleire søkar hjelp for incest og overgrep

17 hours ago 4



Rekordtal:

Fleire meldar om seksuell vald. Forskar peikar på særleg ein årsak.

 Ole Thomas Halvosen/TV2
RÅDGIVING: Både utsette og pårørande kan få råd og rettleiing over telefonen, utan tilvising. Foto: Ole Thomas Halvosen/TV2

Publisert 10.06.2025 06:03

Ein statistikk som fyrst høyrast dyster ut kan vise seg å vere positiv.

I 2024 hadde sentra mot incest og seksuelle overgrep rekordmange førespurnader. Over halvparten av dei som tok kontakt var fyrstegongsbrukarar.

At fleire ber om hjelp kan skyldast at vi skammar oss mindre, meiner fleire.

– Ingen screening eller diagnosar

Sentra blir i hovudsak finansiert av tilskot frå barne- og familie direktoratet.

Tilbodet er eit lågterskel tilbod, som blant består av rådgiving på telefon, individuelle samtalar, sjølvhjelpsgrupper, temagrupper og kurs.

Tove Bruusgaard frå Bufdir fortel til TV 2 at det har vore ei auke dei siste åra, og at ho er glad for at fleire tør å ta kontakt.

Bruusgaard trur at den auka synlegheita til sentra gjer at det har blitt enklare å søke hjelp. 

– Det er ingen screening eller diagnosar på sentra. Det kan òg vere med å redusere kjensla av skam, og kor vanskeleg det er å prate om.

 Bufdir
SYNLEG: At hjelpetilboda er synlege kan vere avstigmatiserande, trur Bruusgaard. Foto: Bufdir

Tala viser at det er eit stort mangfald brukarane. Både menn og kvinner tar kontakt, og det er eit stort aldersspenn.

– Vi veit at circa halvparten av dei som tek kontakt har opplevd vald over tid. I den gruppa er dei fleste eldre, mens dei yngre fortel i større grad om enkeltståande overgrep, seier ho.

8 av 10 frå undersøkinga har opplevd uønskte seksuell omgang. Hos kvinnene som tek kontakt er gjennomsnittsalderen 34 år, og for mennene 38 år.

– Vi ser at mennene har meir avstand mellom valdshendingane og tida dei tek kontakt. Det kan tyde på at det kan vere meir tabu for menn å søke hjelp. 

– Viktig korleis vennegjengen snakkar om det

Helene Flood Aakvaag er forskar hos Nasjonalt Kunnskapsenter om vald og traumatisk stress. Ho forskar mykje på skam, og ho har merka at det er ei endring i rapportering av valdtekt.

– Vi kan ikkje seie noko sikkert om kvifor, men vi ser at folk rapporterer meir enn før, seier ho.

 NKVOTS
SKAM: Helene Flood Aakvaag forskar på skam og ser endringar i rapportering av seksuell vald. Foto: NKVOTS

Ein mogleg forklaring kan vere mindre skam knytt til seksuell vald enn tidlegare, meiner ho. Aakvaag meiner at korleis vi snakkar om overgrep påverkar om det blir skambelagt eller ikkje.

– Både korleis vi snakkar om det offentleg, og i vennegjengen. Eg trur på betydninga av dei som står rundt. Vald påverkar sosiale relasjonar, og vi treng folk rundt oss.

Pårørande kan skamme seg òg

I undersøkinga kom det fram at det er mange pårørande som tek kontakt med sentra. Det er i hovudsak mødrer, men og ektefellar og søsken.

Aakvaag fortel at det kan vere krevjande å vere pårørande, og at sjølv om dei gjer sitt beste, så kan dei kjenne på skam dei òg. 

– Å vere pårørande kan vekke sterke kjensler. Du kan kjenne deg makteslaus, og handle på måtar som du angrar på etterpå. 

 Gorm Kallestad / NTB
VIKTIG: Pårørande er viktige for dei valdsutsette, ifølgje Aakvaag. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Pårørande kan nokon gonger ha vanskeleg for å tru på dei valdsutsette, fordi sannleiken er for vond å ta stilling til. Den tvilen kan føre til mykje skam.

– Det er gull verdt at dei tar kontakt for å ruste seg, eller for å forstå situasjonen betre, avslutt ho. 

– Vi tar det i ditt tempo

Heidi Rognlidalen er leiar for Nok. Hamar, som er eit av sentra mot incest og seksuelle overgrep. Ho har også sett ein auke i brukarar, og det er særleg fleire yngre som tar kontakt. 

– Vi synst det er fint at folk søkar hjelp tidlegare, seier ho.

Rognlidalen bekreftar at skam kan vere ei hindring for mange, og at det er noko dei tar omsyn til på senteret.

 Privat
FORNØGD: Rognlidalen er glad for at fleire tør å be om hjelp. Foto: Privat

– Vi møter deg der du er, og tar i mot historia som vi blir gitt. Vi skundar oss ikkje, og tar det i ditt tempo.

Nokre tar kontakt rett etter hendinga, men for dei fleste har det gått ei stund, fortel ho. Ho meiner det likevel har ei nytte å prate med nokon, utan frykt for å bli dømt.

– Det er ei betydning i å tørre å seie desse tinga høgt, og bli trudd. Dei fleste kjennar ei letting etterpå. 

Dei 21 sentra i Noreg får 80 prosent tilskot frå Bufdir, men må ha 20 prosent frå kommunen i tillegg. Det har blitt utfordrande i ein tid der mange kommunar har fått stram økonomi.

Read Entire Article