BAKGRUNN: Det politiske jordskjelvet som skaka Storbritannia og USA i 2016 var folkets opprør mot elitane, periferiens hemn mot sentrum. Skjelvet skakar framleis verda ti år etter.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 30 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
23. juni 2016 sa eit fleirtal av britane nei til britisk medlemskap i EU. 8. november same år valde USA Donald Trump til president.
Begge vala kom overraskande både på dei involverte og på politiske forståsegpåarar. Begge representerte eit tilbakeslag for dei politiske elitanes globaliseringsprosjekt, både i London og Washington D.C. Det var ein tydeleg beskjed frå eit grunnfjell av folk som opplever ulempene med opne grenser og fri flyt av folk, varer og kapital.
Hemnen frå provinsen
«The revenge of the places that don’t matter». «Hemnen frå stadene som ikkje betyr noko». Dette er tittelen på forskingsartikkelen Andrés Rodriguez-Posé publiserte i 2018. Han har blitt invitert mangfaldige gonger til å presentera artikkelen for EU-toppane som prøver å forstå det europeiske folkets skepsis mot det europeiske prosjektet.
Posé er professor i økonomisk geografi ved prestisjetunge London School of Economics – og gjesteforskar ved Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger. Han har presentert funna sine fleire gonger i Stavanger, til dømes på økonomifestivalen Kåkånomics.
Dei som stemte for at Storbritannia skulle gå ut av EU og for Trump som president fordeler seg ikkje jamt over landet. Mens seks av ti i London stemte for å bli verande i EU, ville fleirtalet i resten av England ut. Og mens nordaustkysten i USA, inkludert Washington D.C., og vestkysten stemte demokratisk, stemte det meste av midten og sør i USA for Trump.
Posés poeng er nettopp denne geografiske forskjellen. Opprøret – eller hemnen – mot hovudstadselitane frå dei som ikkje bur i sentrum. Frå dei som ikkje opplever å vera med verken på oppturen eller prosjektet til dei som bestemmer. For mens både London og Silicon Valley kan framstå som moderne, rike, internasjonalt orienterte og framoverlente i møte med ei teknologisk avansert framtid og grenselaus internasjonal frihandel, opplever andre delar av landet økonomisk stagnasjon og mørke framtidsutsikter.
Tapt status
Ifølgje Posé viser misnøya – og dermed opprøret – seg særleg i område som ein gong i tida har vore rike og vellukka, men som nå opplevde å ikkje vera kopla. Opprøret kjem ofte frå stader som ein gong har hatt makt, arbeidsplassar og framtidstru, men som opplever at utviklinga har gått vidare utan dei.
Det er sånn sett verre å ha vore rik, og så oppleva å bli fattigare, enn å alltid ha vore fattig og avkopla. Har du opplevd vekst og velstand, veit du kva du har mista. Har du aldri opplevd det, veit du ikkje kva du går glipp av.
Dermed var nokre av dei tydelegaste fleirtala for Brexit og for Trump i gamle industriområde. Område som tidlegare hadde vore sikre bastionar for det sosialdemokratiske Labour, eller tydelege demokratiske i USA. Sunderland i Nord-England og Michigan i USA var ein gong rike industriområde. Men i 2016 var det lenge sidan nedturen og stagnasjonen hadde festa grepet.
Slike område viste – og viser seg stadig – opne for populistiske bodskap om å «ta tilbake kontrollen» eller bringa tilbake tidlegare tiders stordom, altså kjernebodskapen i Maga. Metoden er å gjera opprør mot dei styrande, liberale elitane som har opna grensene både for immigrantar – som både trugar landets eigen kultur og tek jobbane frå dei opphavlege innbyggarane – varer og pengestraumar. Og opprøret skjedde altså ved valurnene, til sjokk og vantru både i London og Washington D.C.
Kulturforskjell
Misnøya handla heller ikkje berre om pengar. For mange veljarar var innvandring, nasjonal identitet og opplevinga av kulturell endring minst like viktig. Brexit og Trump blei også eit opprør frå dei som følte at deira verdiar og livsform vart latterleggjorde av ei urban, høgt utdanna elite. Som då Hillary Clinton omtalte Trumps veljarar som «basket of deplorables». Altså undermåls folk.
Det forunderlege var korleis dei sentrale elitane ikkje forstod alvoret i kva som var på gang. Sånn sett illustrerte det politiske jordskjelvåret 2016 høgrepopulistanes påstand om at dei styrande elitane både hadde mista kontakt med – og var i utakt med – sitt eige folk.
Men i tillegg meistra Leave- og Trump-kampanjen det som då var ganske nytt, men som har blitt stadig viktigare i dei ti åra som har gått, nemleg algoritmane. I staden for at alle Facebook-brukarar fekk sjå dei same annonsane, spissa kampanjane bodskapa sine og kommuniserte strategisk mot bestemte profilar.
Analyseselskapet Cambridge Analytica samarbeidde både Nigel Farage´s folk i Storbritannia og med Donald Trumps valkampstrateg Steve Bannon i USA. Også Barack Obamas presidentkampanje i 2012 hadde vore datadriven og algoritmestøtta. Men 2016 var året då psykologisk profilering, segmentering av veljarane og massiv, målretta annonsering for alvor kom på dagsorden og blei brukt politisk på denne måten. Med dei følgjene me sidan har blitt så altfor godt kjende med for informasjonssiloar, polarisering og radikalt ulike oppfatningar av kva som er verdas tilstand.
Sosiale medium blei – og er – også ein omveg utanom dei tradisjonelle media. Her kunne du nå bestemte befolkningsgrupper med målretta bodskap som skulle appellera akkurat til dei. Og det heilt utan kritiske motspørsmål eller uavhengig redaksjonell kontroll.
Leave- og Trump-kampanjane lukkast altså i å oppdaga ein folkeleg frustrasjon dei styrande elitane i London, Washington D.C. og Brussel ikkje var klar over. Og så lukkast dei i å spela på og forsterka frustrasjonen. Folket slo tilbake. Dei etablerte elitane sat tilbake i sjokk.
Publisert:
Publisert: 7. juli 2026 19:12

2 hours ago
1







English (US)