– Vi skal senke veggane fem meter slik at ein får gjennomtrekk, fortel Endre Forbord, leiar for kultur og seremoniar under ski-VM.
Etter medaljeseremonien er ferdig onsdag kveld må dei sikre mellom anna ein 20 meter høg scene på Torvet i Trondheim.
– Vi har vektarar på området som stenger heile Torvet i natt, fortel Forbord.
– Det handlar om at vi har store tårn her som er 18 meter høge og som krev 30 meter sikringssone, vi har gjerde og mange greier som gjer at vi sikrar heil Torvet.
I løpet av natta er det venta svært kraftig vind i delar av Trøndelag. Meteorolog Susana Reuder fortel at det enkelte stadar kan kome opp i orkan styrke.
– Det er utruleg mykje vind. Det kan absolutt få ein del konsekvensar, seier Reuder.
Endre Forbod fortel dei vil gjere grep for å sikre mellom anna scenen på Torvet.
Utset konkurransar
Torsdag kveld melder arrangøren at dei på grunn av kraftige vindkast har avgjort å forskyve programmet torsdag.
– Vêrprognosar indikerer at vindforholda vil betre seg betydeleg frå klokka 12 torsdag, melder det internasjonale ski- og snøbrettforbundet (FIS).
– Men for å vareta sikkerheita til utøvarar, frivillige, media, gjester og publikum, har Ski-VM saman med FIS avgjort å forskyve torsdagens konkurranseprogram.
Dei skriv vidare at arenaen i Granåsen ikkje vil opne før klokka 12.
– Vi ber publikum om å kome til arenaen tidlegast frå klokka 11.30.
Vêret har vore svært varierande under ski-VM.
Foto: Terje Pedersen / NTB– Kan bli like ille som i januar
Reuder fortel at vinden vil ta seg opp rundt klokka fire natt til torsdag. Ho fortel vindene kan bli like kraftig som stormen som trefte store delar av Trøndelag i januar.
– Ja, dei er ganske like.
Stormen i januar skapte omfattande problem med straum- og mobilnettet i delar av Trøndelag og Nordland.
For mange tusen straumkundar tok det fleire døgn før dei fekk straumen tilbake.
Utan straum forsvann også mobil- og naudnett for mange.
Meteorologen seier uvêret natt til torsdag kan vare lenger enn stormen i januar.
– Ifølge prognosane kan vinden vare litt lenger under hendinga som er venta i morgon, seier Reuder.
Ho fortel vinden først vil minke rundt tretida torsdag.
– Så det betyr at det er venta veldig kraftig vind heile føremiddagen
Vinden er venta å vere kraftigast på kysten og på fjellet.
Foto: Meterologisk instituttMeiner dei er betre førebudd
Nettselskapet Tensio sat onsdag føremiddag beredskapsstab, fortel administrerande direktør Kenneth Brandsås.
– Vi har sete beredskap i heile organisasjonen, fortel Brandsås.
– Vi førebur oss på at det i verste fall kan bli like krevjande som uvêret 17. januar.
Brandås seier Tensio har gjennomført ein omfattande evaluering sidan stormen i januar.
– Vi har førebudd oss betre internt med tanke på ressursar, seier han.
Han fortel dei har mykje mannskap som er klare til å rykke ut for å rette feil i nettet i natt og morgon tidleg.
– Vi håper jo at vêrvarselet skal minke litt og at det ikkje blir så krevjande.
– Da må ein berre førebu seg på det verste som kan skje, men håpe at vi ikkje blir så hardt ramma som sist.
– Kommunane må vere førebudd
Også Fylkesberedskapssjef hos Statsforvaltaren i Trøndelag, Dag Otto Skar, er klar for at vêret kan bli like utfordrande som i januar.
– Det er mykje det same risikobiletet.
Han fortel at dei onsdag har hatt møte med kommunane som kan bli ramme, Tensio og med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.
– Vi har oppfordra kommunane til å vere førebudd på både straum- og mobilbortfall i tillegg til utfordringar med nettet.
Skar seier kommunane må oppfordre innbyggarane til å vere førebudd på at straumen kan forsvinne.
Onsdag kveld regner det i Trondheim. I løpet av natta kjem også vinden.
Foto: Lars Os / NRKOppfordrar til eigenberedskap
– Det er ein fordel at ein i kveld lader sine elektroniske enheter og «powerbanker», seier Håvard Sæther, brannsjef i Namsos.
– I tillegg må ein rydde rundt husa og sørge for at ting er festa.
Han seier folk i tillegg må følgje råda for eigenberedskap å vere i stand til å klare seg utan straum og elektronisk kommunikasjon ein periode.
Dersom det skulle oppstå naudssituasjonar fortel han at brannstasjonen er ein av stadane dei er klare til å ta i mot innbyggarar i kommunen.
– Her på brannstasjonen er vi eit mogleg oppmøte stad dersom vi opplever bortfall av straum og mobilnett slik som i januar
Han fortel brannstasjonen har naudstraum og i tillegg ein satellittelefon som kan nå omverda sjølv om basestasjonane blir slått ut.
Publisert 05.03.2025, kl. 20.09 Oppdatert 05.03.2025, kl. 20.58