Som ordførar og brukar av heiane følgjer eg med i debatten kring reinsdyr og andre interesser. Ein sentral del av dette temaet, er tilstanda til villreinstamma.
Den nasjonale villreinstamma er «nær trua», i følgje artsdatabanken. Så er det variasjonar mellom dei ulike villreinområda. I avisspaltene meiner ein mykje, og det vert mellom anna hevda at: «forskinga er tydeleg». Forskinga knytt til reinen i Setesdal Austhei er ikkje tydeleg. Den held rett og slett ikkje mål!
Mange vil kjenne til at norske villreinområde er vurderte etter Kvalitetsnorm for Villrein (2022). Ein nytter ein trafikkljosmodell for å vurdere områda til RAUD (dårleg), GUL (middels), eller GRØN (god) kvalitet. Setesdal Austhei har fått status GUL. Kvart område vert vurdert etter tre delnormer, som i sin tur har eigne måleparameter.
«Kjønns- og alderskorrigert slaktevekt på kalv» er ein slik måleparameter. Den har fått status GUL (middels). Dette fører til at heile delnormen «Bestandsforhold», vert gul, sjølv om dei fire andre parameterane har fått status GRØN (god).
Kva tal ligg til grunn for desse vurderingane? Forskarane ser etter ein trend for dei 10 siste åra. I Setesdal Austhei finst det berre innmeldte slaktevekter for 4 av desse 10 åra. Som om ikkje dette var nok, er det berre meldt inn vekter på høvesvis 7 prosent(2018), 8 prosent (2019), 31 prosent (2020), og 44 prosent (2021) av alle slakta kalvar desse åra. Tala er ikkje berre få – dei er også upålitelege.
Ut frå desse tala reknar ein gjennomsnittsvekta på kalv i Setesdal Austhei til 17,9 kilo. Alt over 18,0 kilo gjev status GRØN (god). Kalvestamma i Setesdal Austhei bommer med ei snau servelatpakke. Når ein veit kva talgrunnlag som er nytta for å kome fram til dette resultatet, gjev det grunn til ettertanke. I tillegg veit ein at slaktevektene i villreinområda aukar med mellom 40-100 gram per dag.
Dette er fakta bak ein av totalt åtte måleparameterar som vert nytta i trafikkljosvurderinga av Setesdal Austhei. Dette systemet vert nytta for alle villreinområda i Sør-Noreg. Alle desse har ikkje like usikkert faktagrunnlag, men det gjev ei dårleg magekjensle å vite at dette vert lagt til grunn i alle prosessar, nasjonalt og regionalt, som omhandlar villrein. Konsekvensane kan verte store.
Me er alle opptekne av god forvaltning av heiane, omsyn til alt dyreliv og bruk som er berekraftig. For å oppnå det, må ein aller først sikre seg eit faktagrunnlag som held vatn. Debatten, og målet, bør ikkje vere bruk versus vern – men ein sameksistens både dyreliv, fauna og menneske kan leve godt med.







English (US)