Fortvilar over ferjekaos på Kystriksvegen: – Står her med ferske reker

4 hours ago 2



Turistane strøymer til Nord-Noreg og dei fleste vil køyre den populære kystriksvegen.

men i dag vart det bom stopp. Ferja mellom Ågskardet og Forøy på fylkesveg 17 fekk teknisk trøbbel.

Ferja står stille, og dei som står i kø på begge sider fortel at dei får lite informasjon.

Trude Hjulstad Hansen er godt vand med desse køane når sommaren inntreff.

Men når ein har fem kilo ferske reker, er det ikkje like artig.

Hansen har allereie funne løysinga om ho blir ståande lenge i ferjekøen.

– Blir vi ståande noko lengre no, må eg vel berre begynne å dele rekene ut i ferjekøen, seier ho.

Dei som står fremst i køen, har stått der sidan 13.00.

Lite Informasjon

Hansen fortel at ho abonnerer på trafikkmeldingar for akkurat denne ferjeruta, likevel har ho ikkje fått nokon oppdatering.

– Det går jo litt tregt, det gjer jo det.

Det er ei miniferje som går mellom sambandet, og ferja kan ta sirka ei og ei halv rast med parkerte bilar.

Trøbbel med kløtsjen

Ferjeselskapet Torghatten driftar ferjesambandet Ågskardet-Forøy.

Driftssjef Steve Andreassen fortel til NRK at kløtsjen på ferja MF «Gildeskål» har roke.

Dei jobbar no med å få fjerna MF «Gildeskål» frå ferjebåsen og få sett inn ei erstatning på sambandet. Dei anslår at ruta skal vere i gang frå klokka 18.30.

– Vi er svært lei oss for den situasjonen som har oppstått. Straks me får MF «Gildeskål» bort for eige maskin, som me forventar å klar i løpet av kvelden. Vil MF «Melfjord» gå som erstatning, seier Andreassen i Torghatten.

MF «Melfjord» går eigentleg B-ruta på sambandet Kilboghavn-Jektvik.

Samstundes jobbar dei med å få ei tredje ferje på plass på sambandet Forøy-Ågskaret, men MF «Ørnes» har enno ikkje fått mannskap til å segle.

Vi jobbar med å få «Ørnes» i drift i sambandet Forøy-Ågskaret, i løpet av kvelden. Då vil «Melfjord» gå tilbake til sambandet Jektvik-Kilboghamn, opplyser Andreassen i Torghatten.

No står det tre fulle raster, og det står bilar langt bakover på hovedveien.

Det svarar til cirka fire fulle ferjer.

Vegtrafikksentralen oppfordrar folk til å køyre E6, ein omvei som tar fleire timar.

– Hald deg oppdatert på 175.no og om ein ser at dette blir langvarig køyre E6 i staden, oppfordrar trafikkoperatør, Christer Berntsen.

Privat båt

Hansen og sonen skal heim til eit rekeparty i kveld.

Heldigvis har mannen hennar komme til utsetting. Hadde ikkje det skjedd vill omvegen ha tatt ni timar.

– No seier mannen minn at han kjem og hentar meg med privat båt, eg veit ikkje om det er meg eller rekene han vil ha heim, seier Hansen.

Publisert 27.06.2025, kl. 17.37

Read Entire Article