Fra 1. mars er det nesten bare svenskeid mel å få kjøpt i butikken

5 hours ago 3



Tre av selskapa som sel maten vår, styrer nærare 97 prosent av matmarkedet i Norge, og to av desse selskapa styrer aleine nærere 75 prosent av denne marknaden.

Frå 1. mars i år er det stort sett mjøl frå svenskeigde Lantmännen Cerealia vi får kjøpt i butikkane. Det har i alle fall Coop og Norgesgruppen bestemt for sine kundar! I alle butikkhyllene deira blir det no berre Lantmännen Cerealia sitt mjøl Regal å finna, skriver forfatteren. Foto: Kjartan Bjelland

Er dette resultat av fri konkurranse eller har vi nærare monopol-liknande tilstander?

Og korleis står det til med beredskapslagra, sjølforsyning og omsetnad av mjølet vårt?

Mange av oss forbrukarar trur at vi sjølv kan velja kva vi vil ha på frukostbordet, og kva mjøl vi vil bruka til baksten vår. Men der har nok eg, og fleire med meg, trudd feil. Frå 1. mars i år er det stort sett mjøl frå svenskeigde Lantmännen Cerealia vi får kjøpt i butikkane. Det har i alle fall Coop og Norgesgruppen bestemt for sine kundar! I alle butikkhyllene deira blir det no berre Lantmännen Cerealia sitt mjøl Regal å finna. Norgesmøllene, eigd av Felleskjøpet, sitt mjøl «Møllerens» meiner desse store marknadsgigantane ikkje skal seljast i deira butikkar.

Ole-Johannes Larsen

Coop med sine OBS, Mega og Extra har ein marknadsandel på 29,2 prosent. I sin reklame hevdar dei at dei er «litt ditt» og at dei «deler med halve Norge». Men dei deler i alle fall ikkje «mitt mjøl» som blir produsert av Norgesmøllene. Coop, som i si tid var den norske forbrukaren «sin eigen butikk», har for mange år sidan sagt «takk og farvel» til å støtte Norgesmøllene sitt mjøl, og derigjennom også sagt farvel til å gje ein skjerv til den norske bonden. I Coop sine butikkar er det berre Lantmännen Cerealia sitt Regal-mjøl som blir seld.

Coop, som i si tid var den norske forbrukaren «sin eigen butikk», har for mange år sidan sagt farvel til å gje ein skjerv til den norske bonden. I Coop sine butikkar er det berre Lantmännen Cerealia sitt Regal-mjøl som blir seld.

Med ein marknadsandel på 43,5 prosent er Norgesgruppen landets største handelshus. Selskapet består av Meny, Kiwi, Joker og Spar, samt grossist-, lager- og logistikkselskapet ASKO, som er eit av dei største innan sitt område i landet. Desse selskapa hadde ein omsetnad på 118 milliardar kroner i 2024. Overskotet blei på ca. 4,9 milliardar, og selskapet gav eit utbyte på ca 1 milliard kroner til eigarane, som hovudsakleg er familien Johannson som eig ca. 74 prosent av aksjane. No har eigarane av Norgesgruppen bestemt at i deira butikkar er det berre plass til mjøl frå Lantmännen Cerealia si mølle.

Prisauke

Konkurransen i den norske matmarknaden er generelt liten. Med berre tre tilbydarar som styrer nærare 97 prosent av marknaden, er det nærliggande å antyda at vi har nærast «monopol-liknande» tilstander i Norge. Særleg når vi også ser at det generelle prisnivået aukar godt ut over det som innkjøpsprisane ellers skulle tilseia. Norge ligg no på 3. plass etter land som Tyrkia og Nord-Makedonia på lista over landa med størst prisauke. Det får ein til å undre seg på om ikkje dei «små marginalene» som dei norske matleverandørane hevdar, kanskje er store nok?

Sjølvforsyning

Norge er blant landa med lågast sjølvforsyningsgrad i heile verda, i følgje FN sin organisasjon for mat og jordbruk, FAO, og har i løpet av dei siste 10 åra ikkje vore over 50 prosent. I 2022 var vi oppe i 46,8 prosent, og på det jamne må vi importera nærare 60 prosent av det vi treng frå den store verda. Dette gjeld også korn som skal bli til mjøl for at vi skal kunna baka «vårt daglege brød».

Beredskap

I dag har vi berre tre møller; Norgesmøllene sine anlegg i Buvika, Vaksdal og Skien, som gjev overskotet sitt til den norske bonden, er alle eigd av Felleskjøpet. Den andre mølla som produserer matmjølet vårt, er i Oslo, eigd av den svenske bondeorganisasjonen Lantmannen Cerealia, og er det einaste matmjølet som no er å få kjøpt i Coop og Norgesgruppen sine utsal.

I desse dagar har vi alle fått melding frå Justis- og beredskapsdepartementet om å opprette eigne beredskapslagre. Dette gjeld også mjøl. Men for å produsera mjøl, så treng vi korn. I tida etter 1. verdskrigen har den norske staten gjennom Statens Kornforretning, etablert i 1928, vært garantist for å oppretthalda kornlager, beredskapslager, for 7 månaders forbruk. Dette blei i 1970-åra, grunna lite tilgang på korn på verdsmarknaden, auka til eitt års forbruk i Norge.

Dessverre gjekk desse beredskapslagra mot sin slutt i «fredstida» utover på 1990-talet. Dei fleste av våre møller og siloanlegg i landet blei då lagt i grus eller omgjort til hyblar/leilegheiter og kunstgalleri, og i 2003 fekk ordninga med store kornlager i Norge sin endelege slutt.

No opplever vi atter krig i Europa, og då kan det vera på sin plass å tenkja på beredskapslager for korn. No ser det ut til at Norge igjen skal oppretta kornlager, og planen, slik eg forstår den, er å kunna ha eit beredskapslager for tre månaders forbruk klart i 2029, i motsetning til eitt års forbruk slik vi hadde det på 1970-talet.

Men kven er det då som skal mala og selja dette kornet frå våre beredskapslagre, når nærare 75 prosent av butikkane i Norge ikkje sel Norgesmøllene sitt matmjøl? Skal vi til å importere mjølet også?

Read Entire Article