De kongelige samlinger
Skihopping er inne i si livs krise. Er det framleis håp for nasjonalsporten?
Da Christian Frederik Carl Georg Valdemar Axel skulle bli norsk konge under namnet Haakon, fekk han følgande råd:
Om det norske folket skulle omfamne han, var det berre éin ting å gjere:
Å oppsøke hoppbakken.
Satsen, svevet og telemarksnedslaget var fysiske og metaforiske uttrykk for kva det var å vere norsk, og desse tinga måtte danskeprinsen berre lære seg å sette pris på.
I boka Den evige snø skildrar Tor Bomann-Larsen hoppskia som berebjelkane i det nasjonale byggverket som er Noreg.
Symbolisert ved det norskaste av alle uttrykk: Å hoppe etter Wirkola.
Framleis blir dei største hoppnamna påkalla med andakt i det norske språket: Toralf Engan, Torgeir Brandtzæg, Roger Ruud, Ingolf Mork og Per Bergerud.
Ein «heilag» regle som tvingar fram ei blanding av vemod, stoltheit og nasjonalkjensle hos fleire generasjonar nordmenn.
Jan M. Lillebø / BT
2. mai i 1986: Her svevar Roger Ruud ned trappa utanfor Johanneskirken i det Bergens Tidende har karakterisert som «det raraste hopprennet i skihistoria».
Så begynte det å butte. Snøen forsvann, hoppbakkar rotna og rekrutteringa stupte.
I februar gav NRKs hoppekspert Johan Remen Evensen hoppsporten ti år til. Da ville han døy heilt ut.
Og denne veka bad våpenprodusenten Nammo om at logoen deira ikkje må vere synleg på draktene i Holmenkollen denne helga.
«Når våpenindustrien synest dei moralske kostnadene ved å sponse deg blir for høg, da har du eit stort problem», skriv Morgenbladet.
Er det slik hoppsporten endar? Ikkje med eit smell, men med eit klynk?
Ikkje nødvendigvis, meiner idrettssosiolog Arve Hjelseth:
«At hoppsporten går heilt tilbake til Sondre Norheim aukar sjansen for at folket viser vilje til å riste dette av seg», seier han.
«Får vi ein olympisk meister i hopp neste år, trur eg begeistringa vil vere omtrent den same som ho elles ville vore, dersom skiforbundet distanserer seg frå enkelte av metodane som er brukte.»