Moe Berg sprang inn på tida 3.30,28 under stemnet i Pfungstad onsdag kveld. VM-kravet var på 3.33,00. Nordmannen leia store deler av løpet og vart berre slått av Narve Gilje Nordås som vann løpet med tida 3.30,26.
– 3.30. Fy faen altså, for ei oppleving, uttalte 19-åringen etter løpet via landsmannen Sigurd Tveit som sende direkte frå løpet via Instagram.
– Kva er det som skjer? Eg skjelv, kommenterte Sigurd Tveit som følgde det heile frå sidelinja.
– Eg følte meg så lett. Heilt sjukt ubeskriveleg. Eg fekk det litt på dei siste hundre, Narve tok litt innpå, men herregud for ei oppleving, fortel 19-åringen vidare.
Narve Gilje Nordås, som alt er klar for VM, vann løpet i Tyskland, men gleda seg på ungguten sine vegner.
– Det er VM-finale. Det er VM-finale.
Han trudde ikkje det han såg, då Moe Berg tok han igjen og sprang forbi.
– Eg tenkte at når folk går forbi, så ligg man jo som nummer to. Det er sikkert nokon spanjolar eller slikt, men nei, det var ein nordmenn. Eg berre: «What»? Det her går fort altså. Klokka viste ein 56-runde. Vi passerte 800 på 1.53 og eg berre: «Stemmer det?» «Drøymer eg?» «Hallusinerer eg?.»
– Plutseleg med ein runde igjen, så berre «tjoom», så forsvinn han. Eg tenkte «hekkan, her må eg tette luka og kome meg opp.» Dette er eit større sjokk enn eg gjorde på Bislett i 2023. Eg trur ikkje du anar kor stort dette er, fortel Gilje Nordås vidare på den direktesende Instagram-straumen.
Ekspertane er imponert
NRK-ekspert Vebjørn Rodal er imponert over ungguten sin bragd i tyske Pfungstad.
IMPONERT: NRK-ekspert Vebjørn Rodal.
Foto: Sigmund Sagberg Andersen– Det er fantastisk av ein ung utøver, som tar så store jafs. Først eit superløp på Bislett Games, og dobbel U20-Europameister og så seier han at skal ta VM-kravet i siste forsøk, som er 3.33. Det er offensivt. Og ikkje berre gjer han eit forsøk, han knuser VM-kravet.
Imponert er også NRK sin friidrettskommentator Jann Post.
– Eg er litt i sjokk over kva slags løft han har fått. Dette hadde eg aldri i verda trudd før sesongen. Han sprang med ein ekstrem sjølvtillit. Måten dette skjedde på tyder på at det kan gå enda raskare. Han gjekk nok litt hardt tidleg aleine. I et Diamond League-stemne kunne han fått meir hjelp og ein enda råare tid. Med hans hurtigheit og form er han ein finale-kandidat i VM. Og kven veit kva han kan få til der i eit optimalt løp.
Moe Berg sikra seg NM-gull tidlegare i august, då han sjokkerte favoritten Narve Gilje Nordås på 1500-meter i Bergen.
Han tok også gull under U20-EM på 1500 og 3000-meter sist helg.
Den tidlegare personlege rekorden hans var på 3.35,41.
NM-GULL: Håkon Moe Berg slo Narve Gilje Nordås i NM.
Foto: Paul S. Amundsen / NTBAndreas Fjeld Halvorsen var også ute etter VM-kravet. Han sette personleg rekord med tida 3.34,42.
Den norske U20-rekorden tilhøyrer Jakob Ingebrigtsen og er på 3.30,16
VM arrangerast i Tokyo 13 til 21. september.
Publisert 20.08.2025, kl. 22.26 Oppdatert 20.08.2025, kl. 22.59