Hurtigbåttrøbbelet i Nordland held fram.
Både måndag og tysdag denne veka varsla reiarlaget Boreal Sjø om nye innstillingar av Nordlandsekspressen.
På same tid leide dei inn ein reserve-hurtigbåt frå eit anna reiarlag, Lovund Skyss, inn i ruta frå Bodø og nordover. Men også denne båten blei liggjande til kai i Bodø.
Årsaka er at båten «Lovund Express» har ei bølgjeavgrensing på 2,5 meter.
– Og bølgjevarselet viste over denne grensa. Vi har ingen fleire oppdrag for Boreal per no, seier dagleg leiar Robert Blomsø i Lovund Skyss.
I helga fortalde NRK at dei to hurtigbåtane, med ruter både nord og sør i fylket, har vore innstilt over 80 gonger hittil i år.
Og innstillingane tek ikkje slutt med det første.
– Tragisk
Onsdag signaliserte Boreal at det kan kome nye innstillingar i veka som kjem, rett inn mot påske.
Det lagar ikkje berre problem for dei lokale som avhengig av hurtigbåten, men også bedriftseigarane.
– Det er heilt 100 prosent tragisk. Så den båten må dei berre få opp og gå igjen. Det finst ikkje eit godt alternativ, seier Turid Rønning.
Turid Rønning seier dei baserer investeringane deira på ein føreseieleg infrastruktur.
Foto: PrivatHo bur i Skutvik i Hamarøy og driv mellom anna landhandelen der.
– Vi har drive landhandel på Skutvik og på Tranøy i mange år. I starten kunne vi bruke hurtigbåten. Det fungerer veldig dårleg no.
Rønning jobbar også med å vidareutvikle familien sin turistsatsing.
– Eg skal ha gjester opp no før påske, og eg veit ikkje korleis vi kan få det til utan at det kostar masse pengar og fleire mange timar ekstra.
Ho må no truleg bruke eit heilt dagsverk på å køyre åtte timar tur/retur til Bodø for å hente turistane.
Turid Rønning seier hurtigbåten er viktig for å få gjestene til Skutvik. Her har ho med nokre tidlegare gjester på Hamarøyskaftet.
Foto: PrivatMannskapsmangel er årsaka
Ein hyppig årsak til innstillingane den siste veka har vore mannskapsmangel.
På Nordlandsekspressen har dei tilsette ein spesiell avtale kor dei jobbar ei veke på og to veker «fri».
I friperioden har dei vore forplikta å stille på jobb dersom ein kollega som er på jobb blir sjuk eller ønsker fri.
Nyleg skal arbeidsgivaren ha sagt opp avtalen, som sikra at Nordlandsekspressen kunne gå sjølv ved mannskapsmangel.
Dermed var ikkje lenger dei tilsette forplikta til å stille opp for sjuke kollegaer.
Resultatet blei nye innstillingar både i nord- og sørruta.
No har også fylkeskommunen fått nok.
Kallar Boreal inn på teppet
Samferdselsråd Marianne Dobak Kvensjø (H) seier at tolmodet no er slutt. Fylkeskommunen har også sett krisestab på grunn av situasjonen.
– Dette er kanselleringar som no har gått føre seg over så lang tid at vi ikkje lenger kan akseptere det.
No er reiarlaget kalla inn på teppet førstkommande måndag.
– Vi har kalla inn Boreal på eit møte vi skal ha på førstkommande måndag på Sortland. Vi er ikkje fornøgd med den situasjonen som har oppstått, og med alle desse kanselleringane.
Fylkesråd for samferdsel, Marianne Dobak Kvensjø seier at Boreal er kalla inn til møte på Sortland førstkommande måndag.
Foto: Thor-Wiggo Skille / Nordland fylkeskommune– Kva for ansvar har du som fylkesråd for denne situasjonen?
– Vi forventar først og fremst at Boreal følger opp den kontrakten som dei har med oss. Det er Boreal som også må ta tak i utfordringane når mannskap blir sjuk eller om ein har mannskapsmangel.
Vidare seier ho at dei har dialog med Boreal, og har fått signal om at dei også jobbar med ulike alternativ for å løyse problema.
– Boreal har sagt opp ein spesiell turnusavtale for mannskapet etter kuttvedtaka de innførte før jul. Og før desse kutta var det nesten aldri innstillingar på grunn av mannskapsmangel. Med andre ord så starta heile dette rotet etter at de kutta i tilbodet. Kva har du å seie til det?
– Nei, det stemmer nok ikkje. Den avtalen var på bordet frå Boreal sine tilsette lenge før budsjettet til fylkeskommunen blei lagt fram. Så det har ingen samanheng med det som fylkestinget vedtok i desember.
– Men korleis forklarer du at alt det her har skjedd i etterkant, då?
– Boreal er nøydde til å gjere justeringar i den interne organisasjonen sin. Det skal dei sjølvsagt få lov til, men det skal ikkje gå utover tilbodet. Dei er nøydde til å levere på den kontrakten som dei har med oss.
Den heilårlege hurtigbåtruta Nordlandsekspressen trafikkerer mellom Lofoten og Helgeland. Ruta er viktig for turisme, næringsliv og lokalsamfunn langs kysten.
Foto: Bente H. Johansen / NRKBuss for båt
Kommunikasjonsansvarleg i Boreal, Jon Kristian Fadnes seier at dei veit kor viktig Nordlandsekspressen er for dei reisande, og vil forsikre om at dei tar denne situasjonen på høgaste alvor.
– Vi beklagar på det sterkaste dei utfordringane som no har oppstått.
Han seier vidare at dei jobbar på spreng med å finne løysingar på problemet.
– Vi ser òg parallelt på moglegheita til å flytte på andre fartøy frå andre stader i landet eller eventuelt leie inn fartøy frå andre operatørar. Sånn som det ser ut no, så er den siste meldinga at vi får mannskap på plass sånn at rutene skal gå som normalt frå i dag. Det er ikkje endeleg bekrefta. Men vi kjem med oppdatert trafikkmelding så fort vi veit.
Nordlandsekspressen er den hurtigbåtruta i Nordland som fraktar flest passasjerar og gods. Ruta strekk seg gjennom store deler av Nordland, og som er viktige både for lokalsamfunnet og turisme.
Foto: Bente H. Johansen / NRKFylkeskommunen seier i ei pressemelding at dei også jobbar med alternative løysingar, som å finne andre båtar frå andre selskap.
Eller til og med buss for båt på deler av strekningane, eventuelt med andre båtar som fyller på i den eine eller andre enden.
– Vi veit buss for båt ikkje er ei optimal løysing, men om det er det som må til for å få passasjerane våre fram dit dei skal, så er det eit langt hakk betre enn ingenting. Men det er sjølvsagt ikkje slik det skal vere og eg er slett ikkje nøgd, seier fylkesråden i pressemeldinga.
Publisert 03.04.2025, kl. 10.21