Generasjonspartiet får app-refs

1 day ago 9



Hevdar demokrati-app er nøytral, men partileiaren eig selskapet som utviklar den.

 Elias Engevik / TV 2
NYTT PARTI: Gyda Oddekalv og Generasjonspartiet vil ha meir direkte demokrati. Foto: Elias Engevik / TV 2

Publisert 08.08.2025 16:10 Sist oppdatert 14 minutter siden

«Hva om folket tar tilbake demokratiet?», spør Generasjonspartiet på sine nettsider.

Det ferske partiet har éi fanesak: At det ikkje er nok å stemme ved stortingsvalet kvart fjerde år og at det difor må innførast grunnlovsfesta og bindande folkeavstemmingar.

Framgangsmåten? 

At nordmenn installerer den sokalla «Demokrati-appen», som sjølv erklærer at «5 minutter kan endre Norge», på mobiltelefonane sine.

 Generasjonspartiet
PROTOTYPE: Generasjonspartiet lanserte våren 2024 ein prototype på «teknologien for direkte demokrati». Slik såg dei for seg ein app der ein kan fremje og stemme på saker. Foto: Generasjonspartiet

Utviklar appen sjølv

På sine nettsider skriv Generasjonspartiet at «appen utvikles av Okasi 1 og eies ikke av partiet. Appen er partipolitisk nøytral».

Men Okasi 1 er partileiar Gyda Oddekalv sitt eige tech-selskap. 

 Skjermdump / okasi1.com
INGEN HEMMELEGHEIT: Partileiaren i Generasjonspartiet er godt synleg på app-selskapet sine nettsider. Foto: Skjermdump / okasi1.com

Ho er dagleg leiar, einaste medlem av styret og fekk i november i fjor 200.000 kroner i etablerartilskot frå Innovasjon Noreg.

– At selskapet er ein separat juridisk eining, gjer ikkje utviklinga av appen uavhengig av partiet, når partileiaren sjølv er dagleg leiar for det same selskapet, skriv IT-student Hermann Mjelde Hamnnes i eit debattinnlegg hjå Subjekt.

– At dagleg leiar i utviklarselskapet også er partileiar, betyr ikkje at partiet styrer appen, eller at det ikkje er reelle skott mellom roller, svarar Gyda Oddekalv i Subjekt.

Møter kritikk

Oddekalv har hamna på mange sine lepper etter ein debatt hjå NRK denne veka. 

Partiet skriv i programmet sitt at dei skal «lytte heile veien». Men i Dagsnytt 18 avbraut Oddekalv motdebattanten frå MDG så mange gonger at ho vart kasta ut av studioet.

– At Generasjonspartiet sin app skal vera nøytral når Oddekalv sjølv eig den, verkar lite truverdig, seier Frøya Skjold Sjursæther (MDG).

Det er TV 2 som tek kontakt med førstekandidaten i Hordaland for å høyre kva ho tenkjer om bindinga mellom parti og selskap.

– Spesielt når Oddekalv nettopp har vist at ho har lite respekt for meiningar ulik hennar eigne og ikkje lar dei sleppe til i politisk debatt.

Også Ola Svenneby i Unge Høgre reagerer. Han går hardt ut mot appen i ein artikkel hjå Nettavisen

Han sår tvil om appen i det heile tatt finst.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
KRITISK: Frøya Skjold Sjursæther er MDG sin 1. kandidat til stortingsvalet i Hordaland. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Heilt lovleg

TV 2 har sendt ein epost til Oddekalv med fleire spørsmål om appen og utviklinga av den.

Ho seier det er ei feilslutning frå Sjursæther i MDG å blande rollen hennar i TV-debatten med korleis ein digital plattform er bygd.

– Appen er ikkje eit kommentarfelt. Den er eit strukturert, sikkert og transparent verktøy for å hente inn stemmene til befolkninga, uavhengig om eg likar dei eller ikkje, skriv Oddekalv til TV 2.

– Korleis kan appen vera partipolitisk nøytral når det er ditt eige selskap som utviklar den?

– Appen er laga for å løyse eit demokratisk problem, nemleg at folk har for lite reell makt mellom valga. Nøytraliteten ligg i sjølve funksjonen og driftsmodellen, og ikkje i kven som eig utviklingsselskapet, svarar Oddekalv.

Les heile epostintervjuet med Gyda Oddekalv i faktaboksen under:

«Demokrati-appen» og Generasjonspartiet

– Hvorfor er ikke appen lansert enda?

«Appen er under utvikling og bygges med høy sikkerhet, brukervennlighet og juridisk kvalitet. Vi har valgt å bruke den tiden som trengs for å sikre at alle nøkkelfunksjoner – som BankID-verifisering, nøytrale faktaark og full hemmelighold av stemmegivning – er på plass før lansering. Målet er at den skal være sikker og klar til å håndtere mange brukere fra dag én.»

– Hvordan kan den være partipolitisk nøytral når det er ditt eget selskap som utvikler den?

«Appen er laget for å løse et demokratisk problem, nemlig at folk har for lite reell makt mellom valgene - nøytraliteten ligger i selve funksjonen og driftsmodellen, ikke i hvem som eier utviklingsselskapet. Appen vil være åpen for alle partier og organisasjoner som ønsker å bruke den. Den har en teknisk arkitektur og et regelverk som sikrer at alle forslag, stemmer og resultater behandles likt – uavhengig av politisk ståsted.»

– Hvordan kan velgere stole på at den faktisk er nøytral?

«Vi bygger inn tre lag av tillit: For det første så vil appens kildekode være tilgjengelig for uavhengig innsyn. For det andre har vi en driftsmodell der alle avgjørelser i appen er desentraliserte, det vil si at de ikke styres av meg eller ansatte i selskapet, men av folket. For eksempel er det folk med bakgrunn innen feltet som bestemmer hvilke forslag som går gjennom. Disse er tilfeldig utvalgt av en åpen datamodell slik at ingen kan mobilisere for å tvinge gjennom forslag som ikke holder en god kvalitet. For det tredje har alle partier, organisasjoner, bedrifter og personer de samme rettighetene til å publisere forslag og delta i prosesser.»

– Hvordan forklarer du at «appen eies ikke av partiet» når utviklingsselskapet eies av deg? Hva er forskjellen?

«Forskjellen er juridisk og operasjonell. Selskapet som utvikler appen er et eget aksjeselskap med egen økonomi, drift og ansvar. Generasjonspartiet verken eier aksjer, har styringsrett eller eksklusiv bruksrett, det vil være et likt verktøy for alle. Mange politikere eier selskaper som leverer tjenester til det offentlige – det avgjørende er at avtalene er transparente og rettferdige.»

– Hvorfor har du valgt å utvikle appen i ditt eget selskap?

«Da ideen kom, vurderte jeg først å bruke appen som et internt verktøy, vi testet Generasjonspartiet som et mulig «usecase», noe som er vanlig med «white label» løsninger, men jeg så raskt at et demokrativerktøy må være åpent for alle for å være legitimt og bygge tillit. Derfor tok jeg et bevisst valg om å gjøre den partinøytral fra starten av utviklingen. Bare på den måten kan vi løse hovedproblemet i Norge – at folk har for lite reell makt mellom valgene. Derfor bestemte jeg at appen skulle være åpen for alle, uavhengig av parti, og bygges med strenge regler for nøytralitet. Det gir også fordeler i form av fleksibilitet, innovasjon og mulighet til å hente ekstern finansiering uten å blande det med partiets økonomi. Det er derfor Innovasjon Norge kunne gi oppstartstilskudd.»

– Har fleire tilsette

Ho legg til at ho personleg har finansiert store deler av utviklinga av appen. 

Okasi 1 har no fleire tilsette som jobbar med appen og den vil bli lansert før stortingsvalet, ifølge Oddekalv.

Ho forklarer vidare at forskjellen på selskapet og partiet både er «juridisk og operasjonell».

– Selskapet som utviklar appen er eit eige aksjeselskap med eigen økonomi, drift og ansvar. Generasjonspartiet har ikkje aksjer, styringsrett eller ekslusiv bruksrett. Det vil vera eit likt verktøy for alle.

 Tor Henning Flaatten / TV 2
STORTINGSKANDIDAT: Gyda Oddekalv er partileiar i Generasjonspartiet. Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2

– Uklokt

Ifølge Generasjonspartiet skal «Demokrati-appen» kunne brukast av «alle partier, alle organisasjoner, bedrifter og innbyggere».

– Resultatet av Oddekalv sin app blir at dei som har mest tid til å dille med appen, bestemmer mest. Det blir som om kommentarfeltet på Facebook eller TikTok styrer samfunnsutviklinga. Det meiner eg er uklokt, seier Sjursæther i Miljøpartiet dei grøne.

Leiaren i Generasjonspartiet meiner det ikkje stemmer.

– Appen går lenger enn meiningsmålingar ved å gi alle borgarar ein reell, verifisert stemme i politiske avgjerder. Det vil ikkje vera mogleg å mobilisere eit ikkje-representativt fleirtal for å køyre gjennom særsaker, hevdar Oddekalv.

Ho viser til at verifisering av stemmer skal skje ved hjelp av BankID.

– Appen er ikkje som sosiale medium, den er eit verktøy for å ta betre avgjerder som er meir i tråd med det folket i Norge ønskjer.

 Jan Langhaug / NTB

Valgomat:

Hvem er du enig med?

Read Entire Article