– Analyseresultata viser at ulven som har gjort skade i Gausdal kommune er den genetisk verdifulle ulven, seier seniorrådgivar Ståle Sørensen i Statsforvaltaren i Innlandet.
Ulven i Gausdal er ein finsk-russisk immigrant, og blir rekna som svært viktig for den skandinaviske ulvebestanden.
Den siste tida har rundt 30 sauer og lam blitt skada eller drepne av ulv i Gausdal.
Statsforvaltaren vil vente med å avgjere om ulven skal fellast, til dei veit om han framleis er i området.
– Viss ulven er så forferdeleg viktig, må ein sette inn ressursar. Sette inn tiltak, og ikkje berre vente og håpe på at han reiser sin veg. For det gjer han ikkje, fortvilar bonde Helge Nordlien.
- Same ulv var svært aktiv i Trøndelag før han drog sørover:
Avventar framleis aktivitet
Så langt har det komme svar på tre av prøvene, og ytterlegare svar kjem fortløpande.
Ifølge Sørensen hjå Statsforvalteren i Innlandet er dei ferskaste skadane tre til fem dagar gamle.
Han seier at dei no treng ferske skadar i beiteområdet, eller bilde frå viltkamera som viser at ulven framleis er i området.
– Da vil vi gjere ei ny vurdering av søknad om løyve til felling.
I desse dagar blir om lag 1000 sauer sleppt på beite i Gausdal, ifølge ein fellingssøknad.
Foto: PrivatHan anslår at denne ulven har tatt rundt 30 sauer i Gausdal, og rundt 35 i Innlandet samla. Den same ulven har òg vore i Trøndelag, og tatt rundt 16 sauer der, bekreftar han.
– Han har jo bevega seg langt, og vore innom fleire kommunar og gjort skadar der. Men han har òg passert gjennom mange område utan å gjere skadar.
Kartet viser stadene der det er funne spor av den genetisk viktige ulven.
Samstundes medgir han at ulven no har gjort stor skade i eit lite område.
– Det har blitt eit høgt skadebilde i Gausdal, at ting begynner å endre seg i våre vurderingar. Men det er veldig vanskelege vurderingar, og vi har ikkje landa.
Truar med nødverje
Den siste tida har bønder i Gausdal vore svært frustrerte over å kjenne seg makteslause overfor ulven.
Dei har trua med å ty til nødverje for å bli kvitt ulven.
Dei har nemleg fått avslag på tidlegare søknader om fellingsløyve fordi Statsforvaltaren ville vite heilt sikkert kva slags ulv dette var.
Sauebonde Helge Nordlien fortvilar over det han ser på som byråkratisk sommel.
– Dei slepp ein ulv i det herlege matfatet i det beste beiteprioriterte området. Det er ein skandale. Det går rett og slett ikkje an.
– Nå er det nokon som må ta skeia i den andre handa, bokstavleg talt, seier bonde Helge Nordlien.
Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRKHan peikar på at det er snakk om livsgrunnlaget til folk i bygda, og at Statsforvaltaren må reagere før bøndene sjølv tar affære.
– Da må næringa sjølv ta ansvaret for forvaltninga, og det er ikkje dit vi vil. Vi vil ha ei forvaltning på rovvilttilstanden, men når ikkje det offentlege klarer å gjere det, må vi gjere noko.
Camilla Rostad, leier i Innlandet bondelag, meiner at å la denne ulven gå laus i Gausdal er eit alvorleg brot på både dyre- og menneskevelferd.
Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRKOppland Bonde- og Småbrukarlag, Innlandet Bondelag og Oppland Sau og Geit sende tysdag eit opent brev til klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen for å be han om å gripe inn i saka.
Camilla Rostad, leiar i Innlandet bondelag, har tidlegare uttrykt at det er stor frykt knytt til nye angrep.
– Vi har eit rovdyrforlik som seier at vi ikkje skal ha rovdyr i beiteprioritert område. Og det har vi nå, så får vi avslag på avslag. Det er ein vanskeleg situasjon.
Publisert 07.07.2026, kl. 18.42













English (US)