Fredag gjekk dei to øvste Høgre-toppane i Bergen ut med eit krav om at Peter Frølich (38) må vere med i den nye leiartrioen i partiet.
I eit intervju med TV 2 la byrådsleiar Christine Meyer vekt på hans støtte til den ukrainske fridomskampen og uttalte at Frølich «har veldig stor støtte i Vestland» og «stor støtte elles i landet».
Ifølge NRKs opplysningar kan bildet like gjerne snus på hovudet: Frølich har vel så stor støtte i resten av landet – som på vestlandet.
Forklaringa er at Frølich i lang tid har profilert som ein nasjonal (og internasjonal) figur – meir enn som ein representant eller ombodsmann for landsdelen.
NRK har snakka med fleire som gjer eit poeng av at Frølich «ikkje har vore på veldig mange heimebesøk» sidan han kom inn på Stortinget i 2013, og at han synest å ha eit høgare kall enn «typiske vestlandssaker» – på godt og vondt.
– For folk på Vestlandet er nok engasjementet for fylkesvegar, rassikring og kommuneøkonomi minst like viktig som utanriksspørsmål, seier ein lokal Høgre-politikar til NRK.
I september varsla denne bergensaren at ho går av som partileiar i Høgre, etter at partiet gjorde sitt dårlegaste val på 20 år. No er jakta på etterfølgaren hennar i gang.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRKNikolai Astrup: – Eg vil bli ny leiar
Laurdag samla valkomiteen seg fysisk for første gong, og starta samtalar med det komitéleiaren omtaler som «ei lang rekke» potensielle kandidatar.
– Vi har ikkje lyst til å gå inn på nøyaktig kva namn vi skal prate med nå i helga, seier Christian Ingebrigtsen (H) til NRK.
Komiteleiaren ville heller ikkje røpe kor jobbintervjua skulle finne stad, men i løpet av helga fann fleire medium fram til Lysebu hotell utanfor Oslo.
I tur og orden dukka fleire av kandidatane opp, inkludert Nikolai Astrup (47) som annonserte at han ønsker å bli ny partileiar i Høgre.
Frå før har nestleiar i partiet, Henrik Asheim sagt det same.
Her er det nokre av dei som er med i leiarkabalen. Det einaste som er sikkert er at Tina Bru (nummer to frå venstre) ikkje skal vere ein del av miksen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB– Leiaren må vere statsministerkandidat
Sandra Bruflot, Ola Svenneby og Peter Christian Frølich har signalisert at dei siktar seg inn på nestleiarvervet, sistnemnde med tilvising til at han har små barn på heimebane og at dei krev sitt.
Den store favoritten til å overta leiarvervet er Ine Eriksen Søreide, sjølv om ho ikkje har erklært at ho er aktuell.
– Om ho vil, så trur eg det blir ho, seier Minerva-redaktør Nils August Andresen.
Høgre-ordførar i Bø, Sture Pedersen gjekk laurdag kveld ut mot Søreide si «nøling» og slo fast at den «ikkje er bra for partiet».
Søreide leier i dag utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget
– Ho er den som nesten alle straks kan sjå for seg som statsminister, og Høgre sin leiar må vere statsministerkandidat, seier Andresen.
Ine Eriksen Søreide er storfavoritt for å overta rolla som partileiar i Høgre, men verken ho eller valkomiteen vil avsløre om ho ønsker vervet.
Foto: Gorm Kallestad / NTBPublisert 26.10.2025, kl. 14.35
























English (US) ·