– Han har jo blitt både elska og hata

2 hours ago 1



Han er elska av fansen og han har sidan debuten bygd eit kontaktnett få artistar forunnt.

Gjennom Kelly Osbourne skapte han ein sterk venskap med Ozzy Osbourne, som varte heilt fram til Ozzy sin bortgang i juli i år.

Då Yungblud stod på scenen under Ozzy Osbournes avskjedskonsert i Birmingham sommaren 2025, var det ikkje berre ein musikalsk hyllest.

Det var eit personleg farvel til ein mentor, ein venn og ein legende.

Med ei rå tolking av Black Sabbaths ballade Changes, tok han eit steg inn i arven etter ein av rockens største.

– Eg var ikkje nervøs. Eg var akkurat der eg skulle vere. Det var meg som sa takk til min store helt, sa Yungblud etter konserten.

Sharon Osbourne skal ha sagt at Ozzy såg ein del av seg sjølv i Yungblud. Ikkje fordi dei laga lik musikk, men fordi dei begge var litt gale.

Yungblud og OzzyBritish singer Dominic Harrison, known as Yungblud and his band during rehearsals on the eve of British rock band, Black Sabbath's "Back to the Beginning" concert, Ozzy Osbourne's final ever gig as Black Sabbath's frontman at Villa Park in Birmingham, central England on July 4, 2025. Osbourne, who revealed in 2020 that he has Parkinson's disease, will join Tony Iommi, Geezer Butler and Bill Ward for the all-day "Back To The Beginning" show in Birmingham, central England, where the heavy metal giants formed in 1968. (Photo by ANDY BUCHANAN / AFP)

Yungblud saman med Ozzy Osbourne og på scena med Black Sabbath.

– Delte meiningar

Musikkritikar Sofie Martesdatter Granberg i NRK seier at Yungblud har skapt både begeistring og debatt i musikkmiljøet.

– Han har jo blitt både elska og hata. Det er veldig delte meiningar om han. Og det er nok kanskje litt sånn generasjonsskilje også, seier Granberg.

Ho peikar på at musikken hans blandar rock med moderne element som pop, elektronika og hiphop – noko som har skapt reaksjonar.

– Ein del av rockemiljøet synest det er kommersielt og billig, medan andre synest det er fint og gjer musikken meir tilgjengeleg, seier ho.

– Snill og respektfull

Samtidig trekkjer ho fram Yungblud sitt engasjement og gode rykte blant fansen.

– Folk er i alle fall einige om at han er ein utruleg ålreit type. Han har fått mykje positiv merksemd for at han er aktivistisk, snill og oppfører seg respektfullt.

Granberg meiner det vart ekstra tydeleg etter Ozzy Osbournes død kor sterkt bandet mellom dei to var.

– Det er jo veldig gøy at ein som er så ikonisk for eldre rockefans har fått eit så fint vennskap med ein som det same miljøet kanskje ser litt ned på, seier ho.

Sofie Granberg
Patrick Fardal

Musikkmeldarane Sofie Granberg og Patrick Fardal.

Venskapen mellom Ozzy og Yungblud er svært viktig. Det meiner musikkmeldar og rockekspert Patrick Fardal frå Evig Lyttar.

– Det var først gjennom forholdet mellom han og Ozzy at eg fekk auga opp for fyren. Stasen han gjorde på «The Prince of Darkness» var til å grine av, seier Fardal til NRK.

Han støttar også dei som meiner at Yungblud sine låtar, sceneshow, videoar og «sexyness» er med på å gjere han til ei ung legende.

– Eg er framleis i starten av min Yungblud-oppdaging, men den held fram som eit godstog, seier Fardal.

Yungblud og Ozzy

Yungblud og Ozzy samanliknar smykke. Dette bildet delte Yungblud på Instagram då Ozzy døydde.

Foto: Instagram

– Nytt publikum

Sofie Martesdatter Granberg i NRK meiner at karakterar og artistar som Yungblud er det som kan føre rocken vidare til nye generasjonar.

– No som Yungblud skal spele på Tons of Rock, kjem han til å dra eit nytt publikum dit som kanskje ikkje ville dratt elles, trur Granberg.

Ho meiner at det då er opp til resten av rockemiljøet å ta imot dei med opne armar og seie at dei er velkomne der.

Før Ozzy Osbourne døydde, fekk Yungblud eit korssmykke i gåve. Med det har han lova å bringe arven vidare.

– Korset rundt halsen min er det mest verdifulle eg eig. Du vil vere med meg i kvar einaste tone eg syng og kvar gong eg går på scenen.

Vil du høyre ein sterk podkast? Prøv denne!

Publisert 29.10.2025, kl. 13.33

Read Entire Article