På Hylkje heilt nord i Bergen kommune ligg Rema sin distribusjonssentral for Vestlandet. No har dei fått løyve til å utvida det gigantiske bygget.
NRK fortalde sist veke at naboane protesterer mot endå meir tungtrafikk og støy.
– Duringa set seg i veggene. Vi må sova med øyreproppar, sa Irene Aarnes Nonslid.
Frå nei til ja
Planen er at det 20.000 kvadratmeter store bygget blir utvida med 3500 kvadratmeter og større fryse- og kjølelager. Bakgrunnen er at Rema har tatt over distribusjonen av all Diplom-Is.
Dei tre velforeiningane like nedanfor fryktar auka trafikk i nærområdet, auka støyplage frå aggregata og at dei får mindre sol.
Først sa kommunen nei. Men så fekk Bergen ny byutviklingsbyråd.
Eivind Nævdal-Bolstad (H) omgjorde nei til ja – fire dagar etter at han byrja i jobben.
Sjølv om hans eigne fagfolk i plan- og bygningsetaten hadde avslått søknaden.
For etaten slo fast at den overordna kommuneplanen (KPA) ikkje opnar for «vesentleg nybygging» i dette området.
Distribusjonssentralen til Rema er 20.000 kvadratmeter. No har dei fått ansvar for Diplom-Is, og treng 3.500 kvadratmeter ekstra til nytt fryse- og kjølelager.
Foto: Leif Rune Løland / NRKByrådsfleirtalet kan ryke
Men kan ein byråd oppheva eit slikt blankt avslag? Det er nå spørsmålet i bergenspolitikken.
Fleire opposisjonsparti meiner Nævdal-Bolstad har brote både kommuneplanen og fullmaktsreglane. Og at løyvet er i strid med viljen til bystyret.
Denne saka kan vera politisk sprengstoff for heile byrådsmakta i Bergen.
Byrådet består av Høgre, Framstegspartiet og Senterpartiet, men har ikkje fleirtal i bystyret.
For å behalda makta og få fleirtal for sine saker i bystyret, er byrådet i utgangspunktet avhengig av støttepartia Bergenslisten og Industri- og næringspartiet.
Men i Rema-saka vil ikkje gruppeleiar Trond Tystad i Bergenslisten lova støtte til byutviklingsbyråden si avgjerd.
Byrådsleiar Christine Meyer (H) er avhengig av støtte frå Trond Tystad og partiet Bergenslisten for å behalda makta i Bergen. Men i Rema-saka garanterer Tystad ikkje at han vil støtta byrådet.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKBergenslisten: – Ikkje partipolitikk
Tystad er mest opptatt av at kommunen må behandla naboane og reglane rett.
– Dette er ei stor sak. Det er enormt viktig å sjå på sjølve saka og ikkje blanda partipolitikk inn i alt mogleg. For mitt vedkommande så handlar det om samvitsfullt å sjå sak for sak.
– Så her tenker du ikkje fleirtalsstrategisk, men at du skal setta deg inn i saka og stemma ut frå det?
– Ja, særleg i slike konkrete saker for naboar, som er veldig viktige for dei. Det kan vera heilt ned til konfliktar om små gjerde og opp til store industribygg som dette. Då vil vi lytta på begge partar, dra på synfaring og så finna ut kva vi meiner.
Irene Aarnes Nonslid er blant Rema-naboane som fryktar endå dårlegare nattesøvn viss det blir bygt eit svært frys- og kjøleanlegg endå nærare bustadhusa.
Foto: Leif Rune Løland / NRKAp: – Openbert at støyen aukar
Gruppeleiar Thor-Haakon Bakke i Miljøpartiet dei grøne (MDG) har allereie bestemt seg.
– Plan- og bygningsetaten har gjort alt rett her. Dette er openbert eit altfor stort tiltak til at det kan tillatast i dette området, meiner han.
Også gruppeleiar Geir Steinar Dale (Ap) meiner byutviklingsbyråden har gitt løyve i strid med kommuneplanen.
– Det er spesielt og overraskande. Vi ønsker å få ein fagleg og juridisk analyse rundt dette.
Han meiner byråden har gjort «ei relativ fri tolking» av kommuneplanen og kva ein byråd har fullmakt til å bestemma.
– Etaten avslo søknaden i tråd med det som er gjeldande politikk. Det er jo trass alt snakk om 3500 nye kvadratmeter, som openbert vil auka trafikken og støyen i eit område der det er generell byggestans.
Støyen frå kjøleaggregata i Rema sin distribusjonssentral vil auka viss bygget blir kraftig utvida, fryktar naboane.
Foto: Leif Rune Løland / NRKMeiner saka er prinsipiell
Bakke meiner dette er ei prinsipiell sak som vil få svært alvorleg presedens, altså konsekvensar for liknande saker i framtida.
– Det er ikkje meininga at Rema skal kunna utvida så mykje der. Viss Rema får lov, vil dei andre med store næringsbygg også måtta få lov.
– Men bygget er planlagt på eit allereie asfaltert område rundt Rema-bygget. Dei skal ikkje «ut i skogen»?
– Ja, men det råkar nabointeresser på grunn av støy og trafikkutfordringar.
– Byråden kan ikkje berre gi løyve for å vera grei med ein stor næringsaktør, meiner Bakke.
– Kvar skal ein ha industri og lagerbygg i Bergen, viss ein ikkje kan ha det på eit etablert industriområde heilt i utkanten av kommunen?
– Det er ikkje mangel på asfalterte område også andre stader i kommunen. Og viss Rema skal utvida på Hylkje, må det i så fall lagast ein reguleringsplan. Men også ein reguleringsplan vil nok enda med avslag.
Også partiet Raudt er kritisk, ifølge BT.
Byutviklingsbyråden har i strid med fagetatens avslag gitt løyve til at det svære Rema-bygget blir utvida ytterlegare, men naboar og opposisjonsparti protesterer.
Faksimile: Bergen kommuneByråden avviser kritikken
Byråd Eivind Nævdal-Bolstad har svart skriftleg på kritikken frå opposisjonen. Han skriv følgande:
- Saka på Hylkje er ikkje vurdert til å vera av prinsipiell art.
- At det blei gitt dispensasjon i denne saka, blir ein del av vurderinga om det «kan» bli gjeve dispensasjon i andre liknande saker.
- Etter vår vurdering har ein ikkje gått utover fullmaktene i denne konkrete saka.
- Tidlegare byrådar har gitt tilsvarande dispensasjonar frå både reguleringsplanar og Kommuneplanens arealdel. Dersom bystyret meiner at dette ikkje skal gjerast, må fullmaktene korrigerast.
- Vedtaket er klaga på og vil komma til ny politisk behandling. Dersom byråden held oppe vedtaket sitt, vil saka gå vidare til byutviklingsutvalet.
Men Nævdal-Bolstad opnar for å gi opp denne saka viss bystyrepolitikarane i utvalet trekker tilbake Rema sitt løyve.
- Dersom utvalet tar klagen til følge og gjer om byrådsvedtaket, forheld vi oss til det, skriv han til NRK.
(Sjå meir i faktaboksen.)
Arild Ystanes (til venstre) og Audun Arnesen fryktar forverra støyplager, men har ikkje gitt opp kampen mot at Rema får utvida bygget mot høgre og nærare bustadområdet.
Foto: Leif Rune Løland / NRK– Håpar fornufta sigrar
Neste veke blir saka tema i bystyret sitt utval for miljø og byutvikling.
Naboane på Hylkje har klaga på løyvet.
– Me har absolutt ikkje gitt opp. Me håpar at fornufta sigrar til slutt, seier Arild Ystanes.
Publisert 27.05.2025, kl. 17.20