Har ikkje rogalendingane den rette kunstnariske kvaliteten eller aktiviteten?

1 month ago 25



DEBATT: Snart er det frist for det årlege lotteriet som er statens kunstnarstipend (SKS) – tilsegna som kan gi deg ei litt dårleg halv årsløn, anten for eitt år eller fleire.

Har ikkje rogalendingane den rette kunstnariske kvaliteten eller aktiviteten, spør Jens Borge i dette innlegget. Foto: Anders Minge
  • Jens Borge

    Musikar og kulturarbeidar

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Tildelingsprosentane i Rogaland for dei 10 siste åra ser slik ut:

SKS Arbeidsstipend

  • Komponistar: 0 prosent.
  • Musikar, songarar og dirigentar: 5 prosent.

SKS Arbeidsstipend for nyetablerte kunstnarar

  • Komponistar: 0 prosent.
  • Musikar, songarar og dirigentar: 2 prosent.

I lovdataen til desse stipenda står det: «Ved tildeling av stipend skal det bare leggjast vekt på kunstnarisk aktivitet og kvalitet». Oss som ikkje har teke imot gasje frå SKS ser jo at det me held på med ikkje når opp reint kvalitativt. For å finna kva ein legg i kvalitetsomgrepet, så oppmodar eg til å lesa i Kulturrådet si bok «Kvalitetsforståelser», der det står i innleiinga: «Kvalitet er blitt et spørsmål om relevans.»

Utarma og svakt kulturliv

Med desse tala er det timeleg å spørja: har ikkje rogalendingane den rette kunstnariske kvaliteten eller aktiviteten? Er ikkje det som skjer i denne landsdelen relevant nok? Kven skal det eigentleg vera relevant og kvalitetssikra for? Er det ikkje noko potensial i Rogaland? Truleg har alle fylke nøkkelpersonar som er relevante – men som ikkje er synlege nok, ikkje får nasjonal merksemd, og med det er dei dømde som irrelevante. Aktivitet er jo relativt, sett opp mot kor mange jobbtilbod som finst.
Rogaland har berre ein skikkeleg jazzfestival att, halvannan jazzklubb og få spelestader med pengar frå arrangørstøtteordninga. Jobbmoglegheitene for frie utøvarar er få her i oljefylket, med mindre ein speler festmusikk for privat næringsliv. Då er det vrient å ha eit godt og relevant fagmiljø, og ein ender opp med eit utarma og fagleg svakt kulturliv ute i distrikta og provinsane. Så kva skal ein gjera?

Løysinga er jo innlysande; kvotér fleire stipend lenger nord, sør og vest i landet. Desentraliser SKS og legg forholda til rette for immateriell infrastruktur. Viss nokon har si kjerneverksemd i grisgrendte strok, så hadde jo SKS vore ei god investering i å la dei få halda fram med praksisen sin der, utanfor allfarveg, til berikelse for eit elles skrint kulturliv.

Skapar klasseskilje

Kulturarbeidarar er viktige samfunnsborgarar ute i provinsane, noko som er vanskeleg å formidla og kvantifisera i ein søknad der kunstnarisk kvalitet er lovpålagt.

I ytste konsekvens blir Stavanger og liknande byer berre stoppestader med syningsrom for relevant kunst som er skapt og framført av «relevante» kunstnarar frå ein anna landsdel. Men då er det ikkje sikkert at ein har eit publikum eller fagmiljø å framføra den kvalitetssikra kunsten for – og då er det jo regionalt irrelevant.

Lovverket, og slik ein skjøttar SKS no, skapar regionale taparar. Relevans, aktivitet- og kvalitetsvurderingar er verktøy som skapar klasseskilje; dei som har kulturell kapital og dei som berre kan drøyma om det.

Publisert:

Publisert: 10. september 2025 16:47

Read Entire Article