Feilparkerte el-sparkesyklar kan koste brukaren dyrt.
I april starta Bodø kommune å sende ut bøter for feilparkerte el-sparkesyklar. I slutten av april hadde dei sendt ut bøter til 50.000 kroner på to veker.
Per no har dei skrive like over 600 gebyr, skriv Avisa Nordland. Det skriv Terje Strand i Bodø kommune til avisa i ein e-post.
Kvart gebyr er på 900 kroner, noko som utgjer 541.800 kroner i bøter.