Held fast på forklaring om rasistisk angrep

9 hours ago 3



Vart Hamse Ali (26) slått ned av seks menn, samtidig som dei ropte rasistiske skjellsord til han?

Eller datt han på ein elsparkesykkel i fylla?

I Hordaland tingrett held han fast ved forklaringa om valdshendinga. Den som fekk Bergen til å mobilisere, med støtteerklæringar, fakkeltog og ein innsamlingsaksjon som gav 270.000 kroner.

Falske minne?

– Det er tekniske bevis på at det Hamse Ali seier ikkje stemmer, men i hans hovud har det skjedd på denne måten, sa forsvarar Anette Vangsnes Askevold.

– Kan det hende at han har falske minne om dette? spør ho. Askevold viser til at han hadde ei hjerneristing.

Nevropsykolog Knut Dalen er sakkunnig vitne i saka. Han skal seinare forklare om kor truleg det er at Hamse Ali har falske minne om hendinga.

Forsvarar Anette Vangsnes Askevold i rettssaka mot Hamse Ali

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

– Hugsar veldig godt

Hamse Ali starta sjølv sin forklaring i føremiddag. Der tok han tingretten tilbake til Nygårdsparken natt til 22. september i fjor.

– Eg har aldri prøvd å lyge. Eg hugsar veldig godt at eg møter folk som gir meg kommentarar, og det ender med at eg blir slått i bakhovudet, sa han.

Ali innrømmer at han ikkje hugsar så mange detaljar. Han har ikkje minne om korleis han kom seg til legevakta. Promillen hans vart målt til 1,1.

Hamse Ali seier han har tenkt mykje på om han hugsar riktig om denne natta. Då han vart konfrontert eit bilete av seg sjølv på ein elsparkesykkel denne natta seier han at han fekk sjokk.

Då han vert pressa av aktor Per Øyvind Valland om detaljar frå denne natta er det mykje som Ali er usikker på.

Stort engasjement mot rasisme

Politiet konkluderte med at versjonen Ali kom med heilt frå starten ikkje kan vere riktig.

Tekniske spor frå ein elsparkesykkel viser eit bråstopp, noko som passar med eit fall. Sparkesykkelen blei så køyrd til legevakta.

Det er heller ingen spor frå overvakingskamera frå Nygårdsparken i denne perioden.

Det var press frå ulike aktørar i Bergen som fekk politiet til å etterforske saka. Idrettslaget Djerv, stortingsrepresentantar, Brann-kapteinen og mange andre engasjerte seg.

Det vart arrangert stort fakkeltog mot rasisme på Møhlenpris. 270.000 kroner vart samla inn i ein spleis.

Desse pengane har Hamse Ali framleis.

Publisert 21.10.2025, kl. 10.40 Oppdatert 21.10.2025, kl. 10.57

Read Entire Article