At resultatet, når ein nyttar denne arbeidsmetodikken, stundom kan bli gyldig lyrikk, treng ein ikkje tvile på.
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Helge Torvund: Der hegre stig. Glimt av Garborg. Skrifter i sampling. Dikt. Aschehoug
«Mangslungi er Boki om Garborg sjølv», heiter det om «Knudaheibrev» i ei bokmelding i Bergens Tidende frå 1904. «Mangslunge» er kan hende ein bokmeldarklisjé, men same karakteristikken kan setjast på «Der hegre stig», Helge Torvunds poetiske vandringar i dei garborgske skrifstadane i prosa.
Forenkla forklart har Torvund her gjendikta fragment av Garborgs prosa til poesi. Men eksakt kor i Garborgs verk Torvund har funne materialet, får me ikkje vite, fordi poeten vil, som han skriv i eit lengre forord, gjere to ting samstundes, ha tekstane «innafor ramma og lausrive dei frå den konteksten dei stod i». Torvund har gjort dette i enkeltdikt tidlegare, mellom anna i diktet «G» som han skreiv i 2001 til eit Garborg-jubileum, og som seinare kom i samlinga «Alt brenner».
Ingen av dikta til Garborg, men heile romanforfattarskapen, inkludert dagbøkene, brevvekslinga med Kitty Kielland, «Kolbotnbrev» og «Knudaheibrev», ligg til grunn for den prøvande utplukkinga til Torvund. Han brukar Garborg på ulikt vis, meir og mindre av han: Somme stadar miksar Torvund enkeltord og fraser frå Garborg med eigne ord. Andre stader er heile bolkar så å seie direkte omsett frå prosa- til diktoppsett, berre med ei lett språkleg modernisering.
Som døme på det siste, kan eg nemne dei tre dikta som er vunnen ut av forteljinga «Av laak ætt»: «Leiv oppdagar at jentene kan vere fagre», «Leiv dansar med Alvhild» og «Etter dansen». Linedelinga som strekar under rytmen og språkmoderniseringa markerer at noko er annleis. Men ein bør også merke seg at originalforteljinga som linene er skotne ut frå, no bleiknar og glir litt unna, ho vert til ein bakgrunn, ein av fleire samanhengar kor desse linene kan opptre og få ein funksjon. Og ikkje minst kan dei tale for seg sjølv.
Trass at diktmosaikken byggjer på eit vidt spekter av tekstar, finst det fleire motiv som foreinar dei: Først det jærske landskapet, deretter alle ferdene som vert skildra, for her høyrer me om alt frå vandringar i dei fysiske omgivnadane, gravferder, til reine forvillingar og meir imaginære og draumeliknande utferder. Barndom, einsemd, draum og syner. Det er som om fleire av tekstane skrellar bort, dei let det lyriske eg-et kome til seg sjølv, ofte gjennom å gå seg vill, i det landskapet det har opphav i. Det finst mange måtar å kome heim på.
Gjennomgåande handlar dikta om å bli vekt, om oppvakninga, slik Garborg også kom til seg sjølv att då han oppheldt seg på Knudaheio og skreiv Knudaheibrev, ei bok som består av eit konglomerat av vandringar og sjangrar.
Ein vert kan hende litt i villreie når det gjeld kven som talar i dikta. Dikta ein les er jo Garborg, men likevel ikkje heilt ut Garborg. Kanskje er rettast å seie at dikta er eit uttrykk for Torvunds Garborg. Sampling er eit uttrykk som stammar frå musikken, og viser til at ein DJ fører saman og tilpassar tempo og rytmen til låtar i ei heilt eiga blanding, og måten DJ-en gjer det på utgjer signaturen hans.
At poetar arbeidar med føreliggjande materiale gjennom å lage nye montasjar, er ikkje noko nytt. Dadaistane på 1920-talet laga funnen poesi, av brotstykke frå aviser. Eit meir aktuelt døme er diktboka «Ringe hjem» (2023) av svensken Ida Börjel som nyttar avlytta og transkriberte samtalar frå russiske soldatar i Ukraina til å skape eineståande, skakande dikt.
Torvund nemner i forordet Erlend O. Nødtvedts «Olav Nygards seng» (2023), der poeten gjennom å resirkulere fraser av Olav Nygard så å seie gjer seg sjølv til ein reinkarnasjon av visjonsdiktaren. Nygard tok inn hos Hulda og Arne Garborg i Oslo og var på turné med Hulda. Torvund har sampla seg fram til eit fint og dempa Olav Nygard-dikt, der refrenget går slik: «Nygard grev grøfter / og gjer hagearbeid / for naboane våre».
At resultatet, når ein nyttar denne arbeidsmetodikken, stundom kan bli gyldig lyrikk, treng ein ikkje tvile på. I ei av dei mange utferdene og vandringane som vert skildra i denne boka, legg det lyriske eg-et seg ned for å kvile i lyngen: «Ei avstengd og avgøymd rundtjørn / glimtar langt borte. / Eit gamalt minne vaknar. /Ei skinande urskive / som viser ei anna tid.»
Publisert:
Publisert: 23. september 2025 10:27

1 month ago
19


















English (US) ·