– Eg fekk frysningar på heile kroppen og trudde eigentleg ikkje heilt på det.
Det fortel skøytestjerna Sander Eitrem til NRK.
Saman med kjærasten Aurora Grinden Løvås er han og resten av landslaget på treningssamling i Stavanger for å gjere dei siste førebuingane før den viktige OL-sesongen brakar laus.
Dei siste seks vekene har dei budd saman med tre andre skøyteløparar i eit kollektiv midt i sentrum av Stavanger.
Men søndag fekk skøytestjernene seg ein skikkeleg støkk, da dei oppdaga at ein person hadde tatt seg inn i leilegheita deira midt på natta.
– Eg tenkte «nå må eg berre ut herfrå», seier Aurora Grinden Løvås til NRK.
TV 2 omtalte saka fyrst.
Dyrt tjuvegods
– Det er ubehageleg å vite at nokon har vore inne, seier Eitrem til NRK.
Som ein kan sjå på overvakingsbilda frå oppgangen utanfor leilegheita tar ein person seg inn i leilegheita til skøyteløparane, og han nøyer seg ikkje berre med å kikke seg rundt.
For etter nokre sekund inne i leilegheita, kjem han ut igjen med ein sykkel.
TJUVERI: Personen tar med seg ein landevegssykkel frå leilegheita.
Foto: Privat– Den sykkelen er på ingen måte gratis nei, seier Eitrem om verdien på sykkelen.
Sykkelen tjuven tok med seg tilhøyrar ein av dei som Eitrem og Løvås delte leilegheita med.
Forholdet er meldt, og politiet seier dei har gjort forsøk på å finne han att.
– Det blir stelt mykje syklar i Stavanger sentrum og omland, det kan eg bekrefte. Så det er ikkje uvanleg, seier Ivar Riveland, politioverbetjent i Sør-Vest politidistrikt.
Han fortel at dei skal gjere vidare forsøk i å finne sykkelen att, og at dei ikkje har funne gjerningspersonen.
Eigaren av sykkelen, som ønsker å vere anonym, fortel til NRK at verdien på sykkelen med alt utstyr på er nærare 100.000 kroner.
Rett på hotell
Da Eitrem og Løvås oppdaga at sykkelen var borte frå leilegheita, tenkte dei at det var nokon som tulla med dei.
Men så fekk dei sjekka overvakingskameraet som huseigaren har, og oppdaga det skrekkelege som hadde skjedd.
SKØYTETALENT: Aurora Grinden Løvås er på landslaget i skøyter og er rekna for å vere eit stort talent.
Foto: NTBDa brukte dei ikkje lang tid på å pakke sakene sine og flytte ut.
– Da var i alle fall eg ferdig med å bu der. Da skulle eg rett på hotell, seier Løvås til NRK.
– Da var det ikkje aktuelt å bu der meir?
– Eg var litt småredd frå før av, for eg tenkte jo på det, sidan vi budde i sentrum og det er mykje lydar og slikt. Eg bur eigentleg på landet så eg er ikkje så vand til det. Eg har vore litt småredd ei stund, så dette var det siste eg trong, seier Løvås.
Til helga skal skøyteløparane konkurrere i noregsmeisterskapen på skøyter i Stavanger, før det ber vidare til USA der verdscupen startar i midten av november.
Høgdepunktet kjem i februar. Da er det OL i Milano.
VERDSMEISTER: Sander Eitrem er ein av dei store medaljefavorittane i OL i Milano, etter at han blei verdsmeister på 5000 meter i 2025.
Foto: NTB– Forma kjennest veldig bra ut nå, så eg gleder meg veldig til sesongen startar, seier Eitrem.
I vinter blei han verdsmeister på 5000 meter og er ein av dei store medaljefavorittane når leikane i Italia går av stabelen.
Høydepunkter Galatasaray - Bodø/Glimt 3-1 - bilder fra TV 2
Publisert 23.10.2025, kl. 18.16 Oppdatert 23.10.2025, kl. 18.22