Gløym komponisten Edvard Grieg, statsminister Christian Michelsen og kong Olav Kyrre som står på soklar rundt om i vestlandshovudstaden.
I eit lite smau i idylliske Skuteviken i Bergen finn du ein langt større turistmagnet, til manges store forundring.
Om du ikkje er merksam, er det lett å gå rett forbi han.
«The Little Cat Stone», ein katteskulptur støypt i naturbetong som vart sett opp for rundt 40 år sidan, trekkjer til seg folk frå heile verda.
Kvifor dei kjem, er det ingen som heilt skjønar.
Det var Bergens Tidende som skreiv om skulpturen først.
«Ei velsigning frå dei nordiske gudane»
At katten har fått status på internett, kan ein sjå på fleire nettstader. Mellom anna på Google Maps.
I meldingane der kjem det påstandar om at katten har overnaturlege krefter.
Ei kvinne skriv at katten kurerte øyrebetennelsen hennar. Ei anna meiner ho fekk mjukare hår og klarare hud.
Det er ikkje måte på kor store opplevingar folk har. Her er nokre døme:
- «Det kjendest som ei velsigning frå dei nordiske gudane»
- «Eg tenkjer på deg kvar dag»
- «Legenda seier Bergen blei bygd rundt denne katten»
- «Den vesle kattesteinen får Michelangelos David til å sjå ut som ein leiremodell laga av eit barnehagebarn»
Ok, så er det nok litt humor ute og går. Men turistar kjem faktisk i hopetal for å sjå steinen.
Shu Fen såg katten på internett
Det har målar Rudi Femtehjel fått med seg. Han har sett mange turistar medan han har jobba like borti gata.
– Eg har lurt på kvifor. Kva er det som er så spesielt med dette?
Medan NRK er på staden dukkar nokon opp.
– Eg har sett katten på internett. No ville eg sjå han sjølv, seier Shu Fen Chuang frå Taiwan.
Ho har prioritert katten høgt på bergensbesøket sitt.
– Eg likar kattar. Det er som ei skattejakt og no har eg funne skatten.
Rundt 40 år gamal
NRK kontakta Bergen kommune for å få svar på kven som har laga katten og kor lenge han har lege der.
Men i kommunen er det ferieavvikling og dermed vanskeleg å gi svar på alt ein journalist lurer på.
Heldigvis finst det kunstkompetente menneske i byen. Kurator ved Universitetsmuseet i Bergen, Kari Klæboe Årrestad finn raskt svar.
– Katten er designa av danske Lissy Boesen. Ho er ei dame som fekk i oppgåve å laga aktivitetsareal for barn i Danmark, saman med skulebarn. Så laga ho noko dei kunne klatra på, men som også var vakkert.
Kari Klæboe Årrestad ved Universitetsmuseet i Bergen fann raskt ut kven som har laga skulpturen.
Foto: Per Vidar Raunholm / NRKLissy Boesen har laga skulpturar til utsmykking i gater og på kjøpesenter sidan 1985. Ho ville at skulpturane skulle oppfordra barn til å leika.
– Han ser litt sliten ut?
– Det gjer han. Men eg er arkeolog, så eg likar ting som er litt gamle. Katten har nok stått ute i rundt 40 år.
Katten er prega av alder, vêr og vind, men er av solide materiale, betong og granitt.
– Sjølv om overflata har forsvunne litt på alle desse åra, så synest eg at han har sitt vakre, rustikke, patinerte preg.
Det finst fleire Boesen-skulpturar i Bergen. Her er ei skjelpadde og ein litt mindre sliten katt. Det er ukjent for NRK om også desse er magiske.
Foto: Per Vidar Raunholm / NRKOverraska: – Mor blir veldig glad
Skulpturane er selde verda over, men det er berre den i Bergen som har status som turistattraksjon, så vidt NRK kjenner til.
– Det er nydeleg å høyra. Dette blir mor mi veldig glad for, seier Sofie Boesen.
Ho er dottera til kunstnaren Lissy og jobbar i Lissy Boesen Design ApS. Det var ukjent for dei at steinkatten har blitt så populær.
– Dette er ei overrasking!
Ho ler litt av magi-påstandane.
– I den verda me lever i i dag der alle sit med telefonane sine, så har han kanskje magiske krefter?
Publisert 10.07.2026, kl. 13.27










English (US) ·