Her er Noregs ti farlegaste fjell

3 hours ago 1



Det har vore fleire store skredulykker i Noreg gjennom tidene, med store tap av menneskeliv. Og det blir stadig fleire fjell å overvake.

NVE har ansvaret for å følgje med på alle høgrisiko-fjell, og har til ein kvar kontinuerleg overvaking av ti fjellområde over heile landet.

– Dei fjellpartia vi normalt overvakar, dei overvakar vi jo fordi dei kan ha store konsekvensar. Det er for at vi skal varsle på førehand, slik at ein kan evakuere, så folk kan vere trygge når eit skred går, seier vakthavande geolog Kjetil Indrevær ved NVE.

Kjetil indrevær i NVE

Kjetil Indrevær er vakthavande geolog i NVE.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

NVE overvakar også andre fjellområde ved akutte hendingar, slik som Skarfjellet på Nordmøre, der det har vore fleire ras dei siste dagane.

NVE overvakar ti spesielt utsette område i landet

Dei fleste kjenner Mannen. I tillegg blir Åknes og Hegguraksla i Møre og Romsdal overvaka

Tre fjellområde ved Lyngen i Troms blir overvaka

I Vestland og Innlandet følgjer geologane spesielt med på fire område

1. Mannen

  • Fjellpartiet Mannen, Rauma kommune i Møre og Romsdal flyttar seg om lag 2 centimeter i året, med eit estimert volum på inntil 20 millionar m³
  • Eit skred frå Mannen vil kunne råke hus, E-136 og Raumabanen, og kunne føre til oppdemming av elva Rauma. Dersom demninga av eventuelle skredmassar brest, kan det bli flaum som vil kunne påverke opp til 1650 innbyggjarar
  • Knapt noko fjell i landet har blitt filma og fotografert meir enn «kjendisfjellet» Mannen. Etter lang ventetid rasa deler av fjellet i 2019, men framleis står mesteparten igjen.

Veslemannen

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

2. Åknes

Lars Harald Blikra på Åkneset

Foto: Synnøve Hole / NRK

3. Hegguraksla

  • Fjellpartiet Hegguraksla i Fjord, Møre og Romsdal flyttar seg opp mot 1 millimeter i året
  • Fjellpartiet består av to ustabile fjellblokker, totalt eit volum på 3 millionar m³
  • Skred frå Hegguraksla vil kunne føre til ei flodbølgje i bygda Tafjorden som kan råke husa og dei som bur der
  • Ligg om lag ein kilometer frå Tafjordskredet, som gjekk i 1934 der 40 menneske miste livet

4. Gámanjunni 3

Martine Bjørnsdatter Mo

Martine Bjørnsdatter Mo har tidlegare sagt til NRK at ho er uroleg for drifta av garden.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

5. Jettan

  • Fjellpartiet Jettan ligg også i Kåfjord, Troms og Finnmark flyttar seg inntil 4–5 centimeter i året. Har eit estimert volum på om lag 6 millionar m³
  • Skred vil utløyse flodbølgjer mot fire kommunar, Lyngseidet i Lyngen kommune er mest utsett

Tre fjellområde like i nærleiken av kvarandre i Troms vert overvaka døgnet rundt.

6. Indre Nordnes

  • Indre Nordnes er eit ustabilt fjellparti i Kåfjord, Troms og Finnmark
  • Fjellpartiet har eit volum på om lag 9 millionar m³ og flyttar seg med om lag 2 cm i året
  • Eit skred frå Indre Nordnes kan nå fjorden og føre til blodbølgjer som vil påverke busetningar og infrastruktur langs Lyngenfjorden
  • Fjellpartiet Indre Nordnes og lyngenområdet er tidlegare utsett for fjellskred. I 1810 gikk det eit skred frå Pollfjellet, 14 menneske miste livet
  • NRK har tidlegare skrive at 7000 menneske kan bli evakuert

Nordnesfjellet

Foto: Jørn Inge Johansen / NRK

7. Joasetbergi (Stampa)

  • Joasetbergi er ein del av eit stort ustabilt fjellparti (Stampa) mellom Aurland og Flåm i Aurland kommune, Vestland
  • Joasetbergi er ei frittståande blokk på om lag 280.000 m³ som flyttar seg i underkant 1 centimeter i året
  • Simuleringar i regi av NGI viser at flodbølgjer vil rekke 2 til 4 høgdemeter opp på land mot Flåm og inntil 2,5 meter mot Aurlandsvangen (NGI). I turistsesongen kan det opphalde seg over tusen menneske i faresona, men langt færre i vinterhalvåret
  • I 2023 gjekk det eit mindre skred frå fjellpartiet

Flåm

Foto: Sondre Dalaker / NRK

8. Stiksmoen

  • Stiksmoen er eit anna ustabilt fjellparti ved Flåm i Aurland kommune, Vestland flyttar seg opp mot 2,5 cm per år og har eit estimert volum på rundt 0,4 millionar m³
  • Skredmassar kan treffe busetnad og føre til ei flodbølgje i fjorden som vil kunne råke Flåm sentrum
  • Ordføraren har tidlegare uttalt til NRK at han er uroleg over situasjonen

Fire fjell i Vestland og Innlandet vert overvaka av NVE.

9. Tussafoten

Frode Tveito, Øvre Eidfjord

Foto: Tale Hauso / NRK

10. Skutshorn

Skutshorn

Foto: Alexnader Nordby / NRK

Publisert 17.07.2025, kl. 22.37

Read Entire Article