Her må Odin evakuere på grunn av storbrannen i Ålesund

1 week ago 13



SISTE: Rundt 19.10 melder politiet at dei utvidar evakueringa som følge av brannen ved fjellet Sukkertoppen i Ålesund.

Dei startar no evakueringa også av dei som bur på sørsida av Sukkertoppen.

Det er her snakk om 51 bustadar med 142 folkeregistrerte personar, opplyser politiet.

– Det var litt nedtur. Eg hadde håpt i det lengste at vi skulle sleppe, men må vi så må vi. Det er nok for å vere på den sikre sida, seier Christian Tolfsby medan han står utanfor bustaden sin.

Han rakk å samle nokre eigendelar før han reiste.

– Det viktigaste er katten og litt klede for å klare seg til i morgon.

– Kva tenker du om avstanden frå brannen til huset ditt?

– Førebels er det greitt, men dei seier at det plutseleg kan kome eit rykk, så eg er litt betenkt.

Christian Tolfsby, evakuert i Ålesund

Christian Tolfsby fekk samla saman det viktigaste før han måtte forlate bustaden sin.

Foto: Remi Sagen / NRK

Les siste nytt om brannen her:

Går dør til dør

Frå før av var 100 bustadar evakuerte som følge av lyngbrannen på Hessa-øya i Ålesund.

Totalt er det snakk om rundt 280 personar totalt som er evakuerte.

Politiet går også dør til dør for å sjekke om folk er heime.

Tysdag kveld brenn det framleis godt i terrenget ved fjellet Sukkertoppen.

Brann i skogsområdet foran en rekke bolighus. Flammer og røykskyer er tydelige i landskapet. Bilde viser detaljer av trehus i forgrunnen, belyst av gatelys. Den dramatiske situasjonen skaper en bekymringsfull atmosfære i området. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Remi Sagen / NRK

– Uverkeleg

Hans-Petter Sandseth er ein av dei andre som måtte evakuere som følge av brannen.

– Det er ganske uverkeleg å få ein sånn beskjed, men vi såg jo kva som skjedde.

Han fortel at dei pakka med seg det viktigaste før dei forlèt bustaden.

– Vi pakka med oss bunadane som kona drog med seg og nøkkelen til båten, slik at vi kan ha ein plass å sove om noko skulle skje.

Hans-Petter Sandseth, evakuerte i Ålesund

Hans-Petter Sandseth håper ingen personar eller hus blir skadde i brannen.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Sandseth har følgt nøye med på utviklinga og om flammane nærmar seg bustaden deira.

– Akkurat no ser det ut til å gå bra for vår del, og eg håper det gjer det med alle naboane og dei på sørsida også. At ingen blir skadd eller at hus går tapt i flammane.

Vidare seier han at vindforholda har vore heilt spesielle i område i dag.

– Ikkje kvardagskost

Også Odin Knoff Ruud måtte pakke sakene sine og evakuere tidlegare i dag.

– Det er ikkje kvardagskost. Det er litt spesielt, men det ser ut som at det går fint. Eg satsar på at husa blir ståande, seier han.

Han blei klar over brannen fordi han fekk video av ein kompis.

En ung mann står langs en gruslagt vei ved flere hvite hus. Han har på seg en lys hettegenser og kosebukser, og holder en jakke i den ene hånden. Ved hans side står en liten, lys koffert. I bakgrunnen er det røykskyer fra en brann som påvirker området. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Odin Knoff Ruud måtte pakke med seg tinga sine og evakuerte tysdag ettermiddag.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Blei evakuerte med bussar

Fleire personar frå område blei også evakuerte i bussar. Dei evakuerte får opphald på hotellet Scandic Parken i sentrum av Ålesund.

Det er ein sjukeheim med rundt seksti pasientar i område, som politiet også vurderer å evakuere.

Anne Berte Hareide, verksemdsleiar ved Skarbøvik sjukeheim, seier dei er klare til å evakuere dersom dei får beskjed om det.

– Vi har skaffa oss oversikt over kor mange pasientar vi har her og kor mange som er i rullestol og kven som kan gå sjølve, eventuelt med rullator. Vi har også sett på kva vi treng for å evakuere dersom det blir tilfelle.

– Korleis forheld dei som bur her seg til det som skjer?

– Dei tek det i grunn ganske roleg. Nokre av dei sit og ser ut gjennom vindauget og følger med på flammane, seier Hareide.

Likevel seier ho at det er ein spesiell situasjon å stå i.

– Når eg såg brannen var det berre å køyre tilbake igjen og vere sikker på at bebuarane og mine tilsette har det bra. I tillegg har vi kontakt med kriseleiinga i kommunen og får gjort det som er nødvendig.

Anne Berte Hareide, verksemdsleiar ved Skarbøvik sjukeheim

Anne Berte Hareide, verksemdsleiar ved Skarbøvik sjukeheim.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Brenn kraftig i terrenget

Brannvesenet har jobba i timevis for å få kontroll på brannen.

Politiet veit ikkje korleis brannen starta, men seier at situasjonen er kritisk.

Sterk vind gjorde lenge at brannhelikopteret ikkje kunne lette, men rundt 18.00 melder politiet at forholda er betre slik at helikopteret kan starte sløkkinga.

Evakuerer truleg også kjæledyr

Dyreorganisasjonen Kelly's Håp er også på plass på Hessa tysdag kveld.

Dei har med bur og håv, truleg for å hjelpe til med evakuering av kjæledyr frå dei 100 husstandane som blir evakuerte.

– Vi må hjelpe dei som treng det, seier Wenche Kelly Ystenes.

– Dramatisk

Rundt klokka 18.00 var ordførar i Ålesund, Håkon Lykkebø Strand, på veg inn på evakuerings- og pårørandesenteret ved Scandic Parken.

– Det er dramatisk for innbyggarane å følge med på situasjonen. Brannmannskapet jobbar for fullt med det tilgjengelege mannskapet dei har og for å få kontroll på brannen.

– No er eg på plass for å prate med dei evakuerte og sjå til at dei har det bra, legg han til.

– Er du redd for at brannen kan spreie seg til busetnad?

– Vi opererer med føre-var-prinsippet og har gjort evakueringane basert på det. Skulle det bli verre så har vi sørga for at folks liv og helse er varetatt.

Lykkebø Strand fortel at dei har sett krisestab i Ålesund. Både politiet, brannvesenet og kommuneleiinga er på plass ved hotellet.

– I tillegg har nabokommunen Giske tilbode seg å hjelpe til dersom det er behov for det, og det er vi takknemlege for.

Publisert 17.03.2026, kl. 18.01 Oppdatert 17.03.2026, kl. 19.55

Read Entire Article