Rennet går framleis. Følg det her.
– Historisk dårleg. Dei stakar i eit skøyterenn for å unngå å gå på trynet, sa NRK-ekspert Martin Johnsrud Sundby tidleg i rennet.
NRK-ekspert Martin Johnsrud Sundby.
Foto: Håvard Greger Hagen / NRKDette er første gong ei femmil står på programmet for kvinnene i ein stor meisterskap.
Vêret i Trondheim gjer rennet utfordrande.
Det er mykje laussnø i løypene og openbert tung for løparane.
– Det er så laust at det nesten er komisk å sjå så gode skiløparar gå på ski, sa NRK-kommentator Jann Post.
Etter fem kilometer kalla Martin Johnsrud Sundby forholda «rett og slett vanvitige».
Fleire fall
Johnsrud Sundby meiner forholda i Granåsen er dei klart verste i VM til no.
– Alle konkluderer med at det er ingen som kjem til å halde seg på føtene i fem mil, sa NRK-eksperten.
Han synest det var utruleg at kvinnene verka så ustødige på skia.
Både Jonna Sundling og Ebba Andersson fall i startfasen av rennet.
Løypene i Granåsen.
Foto: Torstein Georg Bøe / NRKAstrid Øyre Slind fall etter dryge 15 kilometer, og Heidi Weng etter rundt 25 kilometer.
Ekspertkollega Fredrik Aukland var også kritisk.
– Dette er ekstremt. Eg har ikkje vore borti konkurranseforhold som er så tunge og lause, sa Aukland.
– Ho står ikkje støtt på skia. Ho klarer ikkje å halde balansen i lett-terrenget, meinte ekspertkollega Torgeir Bjørn om Therese Johaug – som er med i tetgruppa på fire utøvarar.
Therese Johaug i ubalanse under femmila.
Foto: Torstein Georg Bøe / NRK– Hadde gjort det same igjen
Rennleiar for langrenn under VM, Daniel Myrmæl Helgestad, er einig i at forholda er heilt forferdelege.
– Men det er variert. Der vi ikkje har hatt VM tidlegare og berre gjekk i går, så er det ferskare snø og veldig fint. Elles er det veldig laust og snø i oppløysing. Vi har prøvd alt, men det er dessverre dei føresetnadene vi har, seier Helgestad.
Og legg til:
– Eg hadde gjort det same om igjen. Neste steg er å brøyte vekk den gamle snøen, men då kjem du ned til isen. Det blir ikkje så mykje betre av det, seier Helgestad.
– Sundby kallar forholda historisk dårlege?
– Eg er 38 år, så eg kjenner ikkje heile historikken, men det er dei dårlegaste forholda i dette VM. Det er soleklart.
Tetgruppa under femmila.
Foto: AFP– Snø frå november 2023
Rennleiaren seier at dei har snakka mykje om forholda.
– Vi har ekspertar på salt her og diverse. Vi har eigentleg kome fram til konklusjonen om at vi ikkje kunne gjort noko annleis det siste døgnet.
– Kunne de gjort nokon andre prioriteringar tidlegare i VM?
– Nei, vi heldt jo igjen salting så lenge som mogleg. Vi fekk kritikk for at det var for laust fordi vi ikkje salta her om dagen også. Den snøen vi går på er frå november 2023. Det har ikkje regna så mykje i Trondheim på 130 år. Vi har hatt snø, 8–9 grader og storm. Når du tar opp ein neve med snø på stadion nå, så er det isklinkekuler. Vi kunne unngått å køyre løypa, men det er litt vanskeleg i eit VM, seier Helgestad.
ASSISTENTTRENAR: Marit Bjørgen.
Foto: NTB– Nesten botnlaust
Noreg sin assistenttrenar Marit Bjørgen erkjente at forholda i Granåsen er svært utfordrande.
– Det er utruleg vanskelege forhold. Det er nesten botnlaust her. Det blir ei knalltøff femmil. Det her handlar om å vere god på næring undervegs. Det blir ein lang økt, sa Bjørgen då rennet så vidt var i gang.
Publisert 09.03.2025, kl. 12.45 Oppdatert 09.03.2025, kl. 13.00