Teddy, ein 3,5 år gamal Dunker var med på harejakt i Ringebu 13. oktober. Han fekk plutseleg ferten av noko heilt anna og stakk i veg.
– Så enda han opp nede i et forferdeleg trongt juv, med masse kampesteinar og mykje fossestryk. Og veldig bratt ned frå alle kantar.
Det seier eigar, Jan Arild Andersen. Han bur i Ski, men var med ein kompis på hytta i Ringebu.
Han hadde GPS på hunden som viste området, men signalet flytta seg ikkje.
– Vi trudde jo at dette hadde gått helt gale. At han hadde drukna eller slått seg eller noko sånt.
I eit døgn leita Jan Arild Andersen etter hunden sin, Teddy.
Foto: PrivatDronelærling til unnsetning
Andersen fortel at dei leita etter Teddy i eitt døgn. Utsende frå Røde Kors hjelpte til. Ein lokal klatrar prøvde å ta seg ned i juvet. Og barnebarna var med på leitinga.
På morgonen dagen etter hunden forsvann vart Ringebu kommune sin dronelærling, Truls Røise Skaugvolldal kalla ut.
19-åringen seier det ikkje er dette han vanlegvis driv med som lærling. Han køyrer dronar for å inspisere bygningar og ta bilete av infrastruktur.
Men han tok med seg den termiske dronen som plukkar opp varmesignal.
– Og så fann vi han i løpet av sikkert tre-fire minutt. Eg trur den var rundt 400 meter frå der vi starta. Han låg oppe i terrenget, som gjorde at det var veldig vanskeleg for dei på bakken å kunne finne han, fortel Røise Skaugvolldal.
Det er første gongen dronelærlingen Truls Røise Skaugvolldal, får eit slikt oppdrag. – Eg synest det var veldig artig. Fekk mykje skryt av han for at vi fant han så fort. På ein ganske effektiv måte.
Foto: Geir Olav Slåen / NRK- Les om Trysil kommune som vil bruke dronar for å takle utfordringane i heimetenesta.
Tårer i auga
Barnebarnet til Jan Arild Andersen vart vist vegen inn til der hunden låg med hjelp av dronen og fekk han ut igjen til matfar.
– Det var fleire som hadde tårer i øya der. Eg hadde vel eigentleg trudd at han var forulykka, men det gjekk bra, seier Andersen.
Han seier det alltid er ein risiko når ein slepp hundar laus i skogen under jakta. Men vanlegvis ville ikkje Teddy hamna i slikt ulendt terreng.
No går det bra med han.
– Han sov litt meir enn han pleier det første døgnet, og no er han i full fart igjen.
Jakthunden Teddy saman med Jan Arild Andersen sitt barnebarn, som henta hunden ut av skogen.
Foto: PrivatPublisert 21.10.2025, kl. 21.14 Oppdatert 21.10.2025, kl. 21.39