Då Ida mista morfaren, arva ho livsverket hans.

Ho hadde eigentleg heilt andre planar.

No er ho ei av få som kan den eldgamle kunsten.

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

(Bergens Tidende): Eit lite flagg heng utanfor. Det er høgtid i den vesle, gule smia, som ligg eit steinkast frå Nordhordlandsbrua. Ein av gjestene har køyrt 100 mil for å delta på den store dagen.

Hammaren kling tungt der inne. Ei ung, mørkeblond kvinne med vernebriller og lærforklede smir mens jernet er varmt.

Ho bankar det glødande stålet på ambolten og vrir tuppen med ei tong, før ho legg jernet tilbake i glohaugen.

Ein gjeng gråhåra smedar ser fornøgde på frå sidelinja. Den eldgamle kunsten er ført vidare til yngre krefter.

Men at Ida Skjæveland Moi skulle bli navarsmed, var slett ikkje opplagt.

Les hele saken med abonnement